23.12. Menn, gruppe E: Ikkje så mykje sjukhejto, eller?

Sjukhejto på Halloween-fest. Blir det også sjukhejto i Hareidhallen, Georg Rise Gaasø?
Sjukhejto på Halloween-fest. Blir det også sjukhejto i Hareidhallen, Georg Rise Gaasø?

”Tunnelkameratane” er det kreative lagnamnet Vagn Scheide Mork sitt stjernegalleri skjuler seg bak. Men kan det slå rein og skjer ”sjukhejto”. Ja. Det trur vi. 

1. Tunnelkameratane

Påmelde spelarar: Vagn Scheide Mork, Sturla Pilskog, Are Pilskog, Preben Sætre, Ivar André Aadland, Georg Aursnes, Trond Haugland, Kristoffer Sætrenes, Christian Mork

For ei tid sidan gjekk lagleiar Scheide Mork ut i media og slo fast at dette laget er soleklare favorittar i herreklassen. No er den bodskapen trekt tilbake. Grunnen er at Thor K. Eide må stå over turneringa grunna skade. Som erstatning har dei henta inn Preben Sætre. Ikkje så dårleg han heller då, meiner no vi. Tunnelkameratane er eit klassisk kjøpelag. Dette er ikkje akkurat ein kompisgjeng. Men namn som er henta inn for at Vagn Scheide Mork skal ta sin første Grendacup-tittel sidan 1994. Typisk for Vagn sine lag dei siste ti åra er at dei har levert langt under forventa. Mange a-lagsspelarar frå Hareid har vore med i stallen, men som regel har dei undervurdert eitt eller anna dårleg lag og råke ut tidleg frå turneringa. Unntaket var i fjor, det første året Vagn Scheide Mork og Ivar André Aadland stilte lag saman. Då vart det finaleplass, der dei tapte 5-2 mot Camorra. Sidan i fjor har nemnde Eide og Per Ståle Nykrem forsvunne ut av troppen. I staden har dei henta inn Kristoffer Sætrenes, Christian Mork og Preben Sætre. Det skulle alt i alt bety at dei stiller eit betre lag enn i fjor. Og om dei ikkje er favoritten til å vinne turneringa, så er dei i alle fall blant dei heitaste favorittane. Denne gruppa tar dei greitt. Her må alle spelarar kvalitetssikrast for å bli med, og det blir det som regel eit godt lagt ut av. Gruppespelet brukar dei til å spele inn laget.

X-faktor: Mange gode tekniske spelarar. Har keeper som er bra på strek.

Stjerna: Georg Aursnes. Kjem innom Hareidhallen og spelar litt når han finn det for godt. I fjor rakk han faktisk både kvartfinalen og finalen (ikkje semien).

2. Sjukhejto

Påmelde spelarar: Kevin Kaffi Hestholm, Georg Rise Gaasø, Martinus Røyset Bakken, Øyvind Hagen, Arild Liaset, Tore Bjørge Mjønes, Joachim Rodriquez Røyset

Det var på ingen måte sjukhejto (sørvestlandsk uttrykk for sjukheit) då denne gjengen deltok i fjor. Då rauk dei ut alt etter første dagen. I år bør det gå betre, sjølv om opphavsmannen bak sjukhejto-uttrykket spelar på eitt av dei andre laga i gruppa. Først og fremst fordi dei har eit bra lag på papiret, men unge og lovande spelarar på 18-19-20 år. Så har dei også henta inn Tore Bjørge Mjønes frå fjorårets vinnarlag Camorra. Kaffi har etter kvart blitt ein veldig bra innekeeper. Og sjølv om spelarar som Georg, Joachim og Martinus kjem mest til sin rett ute så skal dette vere nok til å ta 2.-plassen i gruppa.

X-faktor: Stort sett ein godt trena gjeng. Spesielt Øyvind Hagen kjem vel til å legge ned nokre meter.

Stjerna: Vanskeleg å komme utanom Kaffi her. Spørsmålet er om han kjem til å dukke opp med den altfor store grå bommulsbuksa si, og Hareid IL sin Norway Cup-genser frå 2007 – i godt brukt utgåve. Gjer han ikkje det kan han sikkert halde stjernestatusen ved like ved å hive ut av seg ei eller anna godhistorie frå bygda.

3. Craggy Island All-Priests Over-75s Five-A-Side Football Team

Påmelde spelarar: Arthur Brennan Hjørungdal, Gunnar Jack Nordli, Robin Cyril Halsebakk, Peter Dougal Hareide, Gunnar Ted Hareide, Ronald Romeo Sensini Øvrelid, Ivar Kåre Fintan Nesset, Terje Ove Assumpta Hareide, Vegard Doyle Øvrelid

Om lagnamnet: Trur vi berre skal kalle dei Wimbledon. Det er det folk kallar dei, og det er det vi assosierer dei med, sidan Vegard ”Doyle” Øvrelid år etter år dreg fram eit utval Wimbledon-drakter spelarane får smykke seg med (skulle ikkje ha prøvd Milton Keynes-drakter eit år, berre for å ha sett korleis det tar seg ut, Vegard?).

Stallen er om lag den same som han alltid har vore. Sett vekk frå at Håkon Lonbakken og Christian Mork har forsvunne frå skuta etter kvartfinale-exiten i fjor. Dermed liknar lineupen meir på slik han var i 2009, då Wimbledon svært overraskande nådde semifinalen (etter mellom anna å ha slått Reina i kvarten). Det betyr ei god blanding av unge eldre og eldre hareidsdølar, med erfaring frå både høge og låge divisjonar. Og eit trekløver med fartstid på Herd sitt juniorlag som etter kvart har flytta vekk for å studere. Den eine av dei er Peter Dougal Hareide, sonen til den legendariske Hareid-spelaren Gunnar Rens Hareide (i år kalla Gunnar Ted Hareide).

Vi trur det skal halde hardt å komme blant dei åtte eller fire beste denne gongen. Men det kan hende vi ser dei igjen dag 2.

X-faktor: Mange og lange namn.

Stjerna: Gunnar Hareide. Alt du treng om å vite finn du her.

4. Black Tigers

Påmelde spelarar: Kasi, Kavi, Suthaker, Ahilen, Jeeva, Sujeth, Thadshayanan

Først: Lagleiar Ahilen har gjort ein bra jobb med å kort ned namna på spelarane. Vi har faktisk også fått tilgang på etternamna, men dei er dessverre for lange til at vi kan presentere dei her. Black Tigers er nye av året i Grendacup-selskapet, i alle fall i herreklassen. Det var berre på håret at dei klarte å ta den 24. og siste ledige plassen i klassen. Dermed var det første målet nådd for dei svarte tigrane. Det andre målet må vere å prøve å vinne ein kamp eller to i puljespelet. Det kan bli hardt nok. Fleire av desse spelarane (som Kasi, Sujeth, Thadshaynan) har vore innom gutelaget og juniorlaget til Hareid. Og det er ikkje meir enn eitt eller to år sidan Sujeth bøtta inn mål for gutelaget. Men som med tamilar flest på Hareid (eller hittil: alle), så gir dei seg på det før dei kjem opp i senioralderen.

X-faktor: Det smarte trekket med å korte ned namna på spelarane kan forvirre motstandarane. Kan Kasi vere ei forkorting for Kasia Kulesca?

Stjerna: Ahilen, mannen som tok på seg oppgåva med å korte ned namna på spelarane.

PS. Vurderinga av gruppe F kjem eit stykke ut på vesle julaftan. Mandelen i grauten, altså sjølve rangeringa, kjem 2. juledag.

PS 2. Deadwood-spelar Øystein Vik Myklebust takkar for hyggjeleg omtale i vår vurdering av pulje 1. Men ønskjer i same slengen å dementere følgjande: Han skal ikkje operere som keeper under Grendacupen. Rett tittel skal vere "libero&spiss". Vi takkar Vik Myklebust for at han gjorde oss merksame på dette.

|
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar