22.12. Dameklassen: Mange om beinet denne romjula

Tidlegare Hareid-spelar og landslaggspelar Anita Waage er påmeldt Grendacupen.
Tidlegare Hareid-spelar og landslaggspelar Anita Waage er påmeldt Grendacupen.

Grunna ekstraarbeid med kampoppsettet tysdag kveld, blir presentasjonane av gruppe A og B i dameklassen slått saman.

Heile åtte lag vart med i denne klassen til slutt. Det er fem fleire enn i fjor. Og det er mange år sidan ikkje alle dei deltakande damelaga gjekk vidare til sluttspelet. I år får berre halvparten den gleda. Det gjer interessa rundt denne klassen større enn på lenge.

Gruppe A:

1. Las Locas

Påmelde spelarar: Veronica Mork, Annika Lisa Brandal, Andrea Storøy Rødseth, Aina Eid Kvamme, Ragnhild Ertesvåg, Åslaug Helvig, Thea Vattøy Kristensen, Gunhild Botnen Feiring

Dette er stammen i Hødd-laget som trass store mannskapsmessige (eller heite det kvinneskapsmessige?) problem gjennom sesongen klarte å halde plassen i 2.-divisjon. Dermed har desse jentene trass sin unge alder (vi trur dei fleste er 17 år) komme langt fotballmessig. Den om lag same gjengen var med i Grendacupen i 2009. Då tapte dei finalen etter heroisk innsats, og den lovande keeperen Aina Eid Kvamme vart kåra til turneringas beste spelar. I fjor valde dei litt overraskande ikkje å delta. Men no er dei tilbake. Og det trur vi går rett så bra. Det blir hardt kamp om å vinne denne klassen, og det blir også hard kamp om å vinne denne gruppa. Men det trur vi Las Locas gjer. Jentene her trenar fleire gonger i veka, sikkert meir enn mange herrelag også. Og dei andre laga i gruppa består mest av trimspelarar.

2. I siste liten!

Påmelde spelarar: Kristin Marø, Gry Sundgot Antonsen, Victoria Brandal Røren, Cecilie Skeide, Tove Maren Johnsen, Oda Knutsen, Mari Sundgot, Line Kristin Sjåstad, Ingvild Brekke, Kamilla Dos Santos

I siste liten ja. Men faktisk ikkje sist i liten. Den æra fekk overtidslaget "Dei som e me for å vinne banketten". Kristin Marø var på 90-talet ein viktig spelar på Hareid sitt damelag, men har sidan den gong gjort dimnøying av seg - og har i det siste spelt for Hasundgot sitt sjuarlag. Med seg på I siste liten! har ho lagvenninner frå dette laget, som slo Hareid i alle dei tre kampane mellom laga i år. I tillegg til Marø sjølv bør brandalsjenta Victoria Brandal Røren vere ein farleg storskyttar å sjå opp for. 2.-plass i denne gruppa verkar som eit naturleg tips.

3. Holemix

Påmelde spelarar: Kristine Alicia Møller Vik, Sandra Holstad, Hege Holstad, Lene Bjåstad, Anita Waage, Anja Holstad, Dina Kathrin Holstad, Karina Holstad, Frida Kathrine Holstad Røyset, Fredrikke Holstad Røyset

Vart nummer to i fjor, men då var konkurransen i klassen langt mindre enn i år. Vi merkar oss at storscoraren Eva Janne Holstad ikkje er med denne gongen. Ingen har scora fleire mål enn ho sidan Grendacupens dameklasse såg dagens lys i 1995. Men i staden har lagleiinga henta inn versmeister frå 1995 og noverande krinssekretær Anita Waage. Ho bør framleis ha litt krut att i føtene. Ikkje alle på laget er like aktive lenger. Vi trur dette laget kan kjempe om avansement, men dei kan også ryke dag éin.

4. Oss også slo Vartdal

Påmelde spelarar: Kristine Husøy, Ranghild Husøy, Hege Flakk, Monica Grimstad, Veronica Kvalen Pilskog, Arnhild Åsmo Bigset, Natalie Moldskred

Hareid damelag har delt seg opp i to lag, begge med lagnamn basert på det einaste laget dei slo i årets serie: Vartdal. Å stille to lag gjer at mange få bli med, men det går naturleg nok også litt utover kvaliteten til kvart av laga. Vi merkar oss at målfarlege Hege Flakk er med her. Det same er minst to damer som er i nær slekt med Hareid-toppscorar Kim-Tore Husøy. Det kan sjølvsagt gå vel og bra, men denne sterke pulja trur vi dei skal få problem med å avansere frå.

Gruppe B:

1. Carro e?

Påmelde spelarar: Synne Ryan, Martha Helvig, Mari Vikanes, Kristin Haddal, Caroline Overvåg, Andrea Sævik

Braut Fast Inventar-hegemoniet i 2008, og har vunne turneringa kvart år sidan. Denne gjengen var fast inventar på Hødd sitt damelag nokre år tilbake. Eit par av dei er der framleis. Andre igjen (Helvig) spelar endå høgare opp i divisjonssystemet. Både Overvåg og Helvig er inne blant dei 11 mestscorande i Grendacupens dameklasse etter sterk innsats dei siste åra. Carro e? har ikkje meldt på den heilt breie stallen, men vanskeleg å sjå at dei skal melde seg på heilt i toppsjiktet i år også.

2. Oss slo Vartdal

Påmelde spelarar: Renate Kristin Liaset, Oda Grimstad Berge, Sara Lande Rise, Camilla Kleppe, Charlotte Kleppe, Inghild Hestholm, Stine Kvammen Bjørlykhaug, Martine Svendsen Holstad

Gruppe B er totalt sett ikkje like sterk som gruppe A. Her trur vi tre ganske jamne lag kjempar om 2.-plassen. Vi slår eit lite slag for "Oss slo Vartdal". I tillegg til noverande damespelarar frå Hareid ser vi at to som tidlegare har blitt kåra til turneringas beste spelar er med her; Sara Lande Rise og Inghild Hestholm. Elles har Oss slo Vartdal ein rimeleg jamn stall. Charlotte Kleppe kan finne på å score nokre mål.

3. Dei som e me for å vinne banketten

Påmelde spelarar: Silje Urke Antonsen, Malene Bigset, Tonje Frøystad Garvik, Astri L. Nevstad, Ingrid Holstad, Ingrid Oksavik, Ingrid Emilie Pilskog, Marte Rise

Lagleiar Antonsen var i si tid u-landslagsspelar, og bør framleis ha litt inne trass mange operasjonar. Elles har dei andre på laget lite eller litt fotballerfaring. Favorittar til å vinne banketten (ifølgje seg sjølv), men vi trur ikkje dei er favorittar til å vinne gruppa. Set dei opp framfor Frustrerte fruer grunna meir fysisk styrke.

4. Frustrerte fruer

Påmelde spelarar: Thea Moe Larsen, Torunn Dimmen, Katrine Holstad, Olaug Orten Trovåg, Runa Overå Hide, Oline Reitan, Astrid Andersen, Natalie Seljeset Birkhol

Dameklassens klart yngste lag. Dette er ein gjeng som soknar til Hareid sitt jentelag. Vart knust av Carro e? i fjor, men spelte jamt mot Holemix. Skal slett ikkje sjå vekk frå at desse unge fruene kan hevde seg brukbart i år, men logikken tilseier at det er eit par år til dei kan hevde seg heilt i toppen. Kan bli alt frå 2. til 4.-plass i denne gruppa.

|
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar