22.12. Gruppe D, menn: Endeleg murhusfest?

MURHUS.JPG

Gruppe D i herreklassen er langt frå den svakaste i årets turnering. Her kan det bli både eitt og to gode lag som må pakke saman etter dag éin. "Murhusfest" sitt stjernegalleri blir naturlege favorittar. 2.-plassen blir det hard kamp om. 3.-plassen også for så vidt.

1. Murhusfest

Påmelde spelarar: Daniel Reite, Ruben-Kenneth Brandal, Nikolay Sundgot, Fredrik Muren, Oskar Gunnarstein, Preben Nedrelid, Christer Adrian Blodhom Mork, Ørjan Engen Grimstad, Emil Valaas Viddal, Benjamin Slettebakk

Artig gjeng dette. Kalla seg "Brokj" i 2010, "Attrus" i 2009 og "Konfimantfest" i 2007. I år er det altså eit murhus som skal bli feira eller bli feira i. Fotballfest kan det også bli. Dette er ein av dei aller sterkaste stallane i årets turnering. Ruben spelte fast på Hødd i år, Ørjan var eit fast innslag utover i sesongen. Emil VV stod over Hødd sin haustsesong med skade, men har eit fotballhovud som held til høgt opp i divisjonane. Og det mistar han ikkje over natta. Oskar Gunnarstein er ein av dei beste spelarane på LGFK, og Fredrik Muren er det same i Bergsøy når han er heime (studerer for tida i USA saman med m.a. Kjetil S. Paulsen). Pluss på at mannen som er påmeldt med namnet Christer Adrian Blodholm Mork har vore i det militære, og er i sitt livs form. Og at Nikolay Sundgot etter kvart har blitt ein viktig spelar for Hareid og som har eit skotfot som bør føre til mange mål innandørs. Og: At verken D. Reite, Benny S eller Preeb er noko å kimse av, dei heller. Ja, så blir det i alle fall meir enn bra nok til å vinne si innleiande gruppe. I fjor vart det "berre" bronse. Korleis årets murhusfest endar kjem vi tilbake til i rangeringa 2. juledag.

X-faktor: Har den beste benken i heile turneringa.

Stjerna: Daniel Reite. Har stilt med den same gule og blå Umbro-genseren (anno 1996) og den same kvite hiphop-capsen (anno 1999) i alle utgåver av Grendacupen sidan han debuterte i turneringa for åtte-ni år sidan. Blir det stilskifte i år?

2. Where's Waldo?

Påmelde spelarar: Sjur Gjerde, Marton Muren, Fredrik Aursnes, Aksel Bakken, Kjetil Johann Knotten, Mikal Haanes, Alexander Podd Indreflø, Ådne Andersen, Benjamin Truls Kleppe, Lars Peder Mork

Ja, kvar er eigentleg Waldo (Markus Hatløy)? Han står ikkje oppført i lagoppstillinga i alle fall - noko underskrivne synest er skuffande. Hadde dei ikkje plass til han?
Når det er sagt så er det mykje kvalitet i den påmelde stallen likevel. Sjur skal vere ein bra innekeeper, Fredrik Aursnes vart årets Hareid-spelar, Aksel Bakken er vanskeleg å handskast med (så lenge han først handskast med sin eigen rygg), Kjetil Knotten har etter kvart etablert seg på Hødd 2, Mikal Haanes viste seg å vere svært nyttig for Hareid junior i haust, Marton Muren er ein grei fyr til Arsenal-supporter å vere, Alexander Podd Indreflø har ein presis venstrefot som mange misunner, Ådne Andersen er truleg den kjappaste spelaren i turneringa + at Benjamin Truls Kleppe og Lars Peder Mork er lovande Hødd-juniorar.
Jaudå. Det er lite rutine her, men nok av kvalitet og ungt pågangsmot. Kjempar ein kamp om 2.-plass i denne gruppa, og den kampen trur vi dei vinn.

X-faktor: Skal vere mykje fart og kondisjon her, kanskje med eit par unntak.

Stjerna: Det må vel vere mannen som på 16-årsdagen sin nyleg la ut følgjande facebookstatus: "No e ej 16 år, dame, og lovlig. E d nåken som he lyst på stjerne***?". Facerape eller ei; prislaust.

3. Dalsbergstien Penguins

Påmelde spelarar: Vegard Karlsen, Ingar Richardsen Liaset, Bjarne Snipsøyr, Nils Kristian Pilskog, Vegard Moltubakk, Martin Haanes, Sivert Heltne Nilsen 

Det er kanskje litt vel pessimistisk å sette dette laget opp på ein tredjeplass. Men konkurransen i denne gruppa er hard. Og tradisjonen tru har Ingar meldt på ein litt tynn stall. I tillegg skal det vere knytt usikkerheit til kor vidt Hødd-stjerna Sivert Heltne Nilsen kjem. Skulle han dukke opp vil dette laget få ein av dei beste startfirarane i turneringa (Nilsen-Snipsøyr-Haanes-Moltubakk). Og skulle ikkje Nilsen dukke opp, har dei ein utlendingsplass ledig. Kort oppsummert: Litt for mykje usikkerheit her. Kan fort gå veldig bra, også dag to. Men det kan også bli ein skuffande 3.-plass i dette selskapet.

X-faktor: Moltubakk og Haanes er faste innslag i turneringa som held eit høgt sportsleg nivå. Begge er gode for mange mål.

Stjerna: Definitivt Vegard Moltubakk som har høgast stjernestatus her. Er innehavar av den mest sleskete BI-sveisen på heile Søre Luten, og er ganske høgt oppe på lista nasjonalt også. Kan du opne denne linken veit du alt du treng å vite.

4. Krædene

Påmelde spelarar: Peder Alme, Frank Robert Moldskred, Christian Åsmo, Ørjan Yri, Robert Flø, Kim Lillebø, Raymond Abeltun, Roy André Øvrelid, Fredrik Bøe, Peter Andreas Brandal

Vi synest faktisk litt synd på Krædene i år. For omtrent alle dei andre gruppene hadde dei avansert frå. Berre ikkje denne. Eller? Vi ser dei har gjort nokre forandringar i stallen i høve tidlegare år. Fredrik Bøe blir nok ei god forsterkning. Raymond Abeltun (Tjørvåg) er også ei hard nøtt i knekke. Eit jamt over brukbart besett lag. Mange spelarar i kategorien Brandal/Hareid 2. Roy André Øvrelid kunne forresten godt inn i den fyldige katalogen med spelarar som kunne blitt noko langt meir om dei hadde orka. Om rappe-Roy har fått trena litt i det siste er han uansett god for ein del mål i denne turneringa.

X-faktor: Er så soleklar favoritt til 4.-plassen at dei er lette å undervurdere.

Stjerna: Frank enda på 2.-plass i kåringa "Tidenes Fotball-Frank" på Hareid-sida eit par år tilbake i tid. Bak Frank Sverre Skorpen, men framfor Frank Rijkaard og Frank Holstad. Det står det respekt av, Fotball-Frank 2!

|
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar