21.12. Gruppe C, menn: Nissemix, pilseballett, huspils, ballettmix...

RHINO.JPG

Ja, deler vi opp dei ulike lagnamna i gruppe C er det i beste Nytt på nytt-stil mykje artig ein kan lage. Men over til det sportslege:

Holemix og HUS smilte nok litt då dei såg årets trekning. Men kan alt skje når nissane dansar ballett og ein viss gjeng har fjerna pilsa?

1. Holemix

Påmelde spelarar: Stig Andor Engen, Hallvar Holstad Møller, Joar Holstad Møller, Svenn-Erik Holstad Warholm, Bendik Holstad, Lars Roar Holstad, Eiliv-Tore Howlid, Tommy Walaunet, Odd Sverre Urke, Magnus Holstad

Holemix er det laget med lengst samanhengande fartstid i Grendacupen – om vi tenker på lag som alltid har brukt det same lagnamnet. Heilt sidan 2003 har dei faktisk vore med. Dette er ei godt gammaldags grende- og slektslag, og stallen byr heller ikkje i år på dei store overraskingane. Vi merkar oss rett nok at Kisse junior er tilbake på Holemix etter eitt år hos ”Gylne tider”. Og det var nok eitt år for mykje for Lars Roar, sidan Gylne Tider tapte mot nettopp Holemix i åttandedelsfinalen.

Det har ikkje gått altfor bra med Holemix dei siste åra. Dei vann jo i 2006, og tapte finalen i 2008. Men elles har det blitt exit i åttandedels eller  kvart. I år bør dei derimot heve seg igjen. Ikkje berre fordi Kisse junior er tilbake. Men fordi yngste blad Møller truleg ikkje har vore i betre form sidan 2006, og plussar vi på litt rutine er han sikkert også ein betre fotballspelar enn då. Og Eiliv-Tore Howlid er så skadefri som ein så skadeutsett spelar kan bli. I tillegg held resten av stallen eit jamt bra nivå. Stig Andor Engen har blitt 52 år, men vi blir ikkje overraska om han spelar som han er 22.

No skal vel sikkert mister Engen vere spiss i gruppespelet, i alle fall mot dei to antatt svakaste laga. Men vi forsvarer at Holemix vart seeda i år. Og trur dei vinn denne gruppa etter ein kollektiv lagsiger mot HUS – det som etter alt å døme blir gruppefinalen her.

X-faktor: Alle kjenner alle, og bortimot alle held eit jamt bra nivå. Lars Roar er ein aktuell toppscorarkandidat i turneringa.

Stjerna: Han ser ikkje ut som nokon typisk innespelar, og er det kanskje heller ikkje. Eiliv-Tore Howlid er stor og tung, og får ikkje mykje nytte av hovudstyrken sin innandørs. Men når han ladar venstreslegga…

2. Hus

Påmelde spelarar: Stian Berge Myrene, Kim-Tore Husøy, Kjell Roger Skarshaug, Svein Inge Nesset, Ola Marius Grønmyr Rise, John André Bjåstad, Gunnar Johann Ringstad, Andreas Rise, Bjørn Vegard Bjåstad, Joachim Moldskred

Så er Hus-gjengen tilbake etter to års fråver. To klare kvartfinaletap var alt dei rakk før den mellombelse nedlegginga. Betre denne gongen kanskje? Tja. Ikkje alle på laget er i si livs form. Men det går rykte på bygda om at Ola Marius Grønmyr Rise trenar med Orkla – under leiing av sjølvaste Nils Arne Eggen. Elles er Gunnar J. Ringstad bra inne, og Svein Inge Nesset legg alltids igjen nokre meter under ei slik turnering. I tillegg har Joachim Moldskred hatt ein bra sesong i Hareid-trøya. Kim-Tore Husøy har aldri komme heilt til sin rett i innefotball, då han manglar bakrom å springe i. Men Husøy er faktisk den einaste på dette laget som har vunne herreklassen i Grendacupen. Det gjorde han som keeper på ”Kæm lede?” i 2008.

Tida vil vise kor langt dette laget kan nå. I denne gruppa kan dei for så vidt ta sigeren, men vi held ein knapp at dei blir nummer to.

X-faktor: Nostalgien rundt ”Hus”, det vil seie den gamle kjellaren til Stian Berge Myrene, der dei ti påmelde spelarane var ” faste medlemmer”.

Stjerna: Igjen, her er det vel mest rettferdig å trekke fram Ola Marius Grønmyr Rise. Toppscoraren frå junior-inne-KM i 2005 skal til og med ha trena litt i det siste. Kan dermed fort bli toppscorar i denne turneringa også.

3. Nisseballetten

Påmelde spelarar: Tore Rantapelkonen, Daniel Pilskog, Robert Pilskog, Odd Magne Brandal, Jon Åge Røyset, Magne Kjell Wingsternes

Eitt nytt lag av året. Må nok hoste opp nokre spelarar til om det skal bli suksess. Ikkje minst med tanke på at Ranta visst nok har skifta lag. Elles er det fleire tidlegare Brandal- og Hareid 2-spelarar her. Og dermed blir det vel heilt greitt, men ikkje noko meir. Vi trur dei tar ein soleklar tredjeplass i gruppa, og då går dei fort også vidare til åttandedelsfinalen.

X-faktor: Skal vere bra med tyngde her.

Stjerna: Utvilsamt Magne Kjell Wingsternes.  Har dei hardaste taklingane i heile turneringa?

4. Fjern Den Pilsen

Påmelde spelarar: Daniel Pedersen, Robert André Øvrelid, Jostein Hovlid, Thomas Hareide, Ole Kristian Liaset, Vegard Røyset, Daniel Seljen, Odd Stian Aune, Karl-Martin Rantapelkonen, Ørjan Røyset

Du verden, dette er ei lagoppstilling det luktar pils, nei kremt, vi meinar svidd av. Kan ikkje sjå at dette laget har spesielle svakheiter. Skal bli spennande å sjå kven lagleiar DP set sin lit til i startfemmaren. Det luktar jo eit overraskande comeback frå Ørjan ”Røyset-bohemen” Røyset her. Som kjent var det nettopp DP som øydela fotballkarrieren hans med ei sugande takling på Hareid gutelag ein del år tilbake i tid. Elles bør Robert André Øvrelid kunne vere aktuell for ein back – men blir det utan skinnjakke? Eit lite spørsmålsteikn ved keeperplassen. Er det eldstemann Ranta som tar den?

X-faktor: Fin miks av ulike kvalitetar. Her er det rom for både høge og låge, som skrinne og korpulente.

Stjerna: Thomas Hareide. Men plasserer han leggisane under eller over fotballstrømpene?

 

|
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar