20.12. Gruppe B, ungdom: Lag med høg sjølvtillit

Reint statistisk skal det vere lettare å avansere frå gruppe B enn gruppe A i ungdomsklassen. For her deltek berre tre lag – og to av dei får vi sjå at dag to. Vi er nesten heilt sikre på kven det eine av dei to laga blir. Det andre er vi noko meir usikre på. Men vi let oss begeistra av lagnamn som kan tyde på høg sjølvtillit.

1. FC Allstars

Påmelde spelarar: Ole Monrad Alme, Martin Mork Breivik, Audun Øvrelid, Nils-Erik Engen, Mathias Holstad Grimstad, Chetnarong Haugen, Håvard Strand, Eirik Kristiansen, Thanussan Tharumalingam

Laget er ikkje ulikt det som vann Dahle-cup for Hareid gutar 15 år i haust. I tillegg har FC Allstars supplert på med eit par høddarar. Optimistisk, men kanskje i denne samanhengen reelt lagnamn. Gruppe B skal dei uansett komme seg greitt unna. Så får vi sjå kor det går dag to.

2. World Class

Påmelde spelarar: Fredrik Lonbakken, Kristoffer Hasfjord, Adrian Moldskred Strand, Hazhir Alipoor, Sigvald Bjåstad, Åsmund Egge Brandal, Supi Ramachandran, William Thorseth

Nok eit ungdomslag som ikkje manglar ambisjonar med tanke på kva lagnamnet betyr omsett til norsk. Dette er ei blanding av 96- og 97-modellar som soknar til Hareid IL. Kristoffer Hasfjord spelte på den vinnande laget i ungdomsklassen i fjor, og var så vidt innom a-laget til Hareid i vinter. Er mest kjent for sine prestasjonar på friidrettsbana, men skal kunne utgjere ein stor skilnad mot langt mindre fysiske motspelarar i denne turneringa. Elles er her ein del absolutt lovande spelarar. Og Fredrik Lonbakken er så lik broren Håkon både som person og keeper at det er litt skremmande. World Class kan fort snike seg til ein 2.-plass i denne gruppa.

3. Møjkets Hejjej

Påmelde spelarar: Rikard Osnes, Kristian Mork, Joakim Gustavsen, Emil Mork, Tor-Junor Vedde, Hans-Jørgen Garshol, Iver Vattøy

Enkelte lag set oss litt på prøve, både med tanke på å tolke lagnamn og å finne ut kva slags folk som spelar på laget. Men ved hjelp av google og litt tipping, så er konklusjonen at Møjkets Hejjej er ei slags Hasundgot-Hødd-Tjørvåg-blanding. Vill tipping - igjen, men vi trur denne gjengen må gjere opp om 2.-plassen med World Class.

 

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar