19.12. Gruppe A, ungdom: Team Søre?

I gruppe A i ungdomsklassen finn vi lag frå både Hareid, Ulsteinvik og Volda. Vi vil tippe at vi finn mange noverande, tidlegare eller framtidige Team Søre-spelarar i denne gruppa. Vi veit heilt klart meir om herrelaga enn om ungdomslaga, men vi gjer eit forsøk på ei rangering: 

1. Ninja Turtles

Påmelde spelarar: Sivert Olai Veddegjerde Pieroth, Ludvik Ringstad Flacke, Johannes Ringstad Flacke, Eirik Berge Sæther, Isak Skare Haanes, Daniel Skare Haanes, Bendik Rise, Håkon Botn Brautaset, Sander Kanestrøm

Skal tru om ikkje dette er gjengen som tok (uoffisielt) NM-sølv for Hødd gutar 13 år tidlegare i år? Og Bendik Rise, sonen til den tidlegare Hareid-midtbanespelaren Harald H, vart då også kåra til beste spelar i den turneringa. Spelarane på Ninja Turtles er nok langt frå dei eldste i årets ungdomsklasse, men vi har sett år etter år at å vere ein samspelt gjeng kan vege opp for ”rutine”.

2. The Reds

Påmelde spelarar: Eirik Hove, Ole Kristian Høydal, Sander Flote Rotevatn, Sondre Hjorthaug, Martin Ove Roseth, Simon Grøtta Helset

Vi trur dette er smågutespelarar frå Volda. Det einaste vi eigentleg veit om dette laget er at dei melde seg på for seint, men fekk bli med likevel. Dette blir eigentleg vill tipping, men vi spår at det blir to Hareid-turar på raudtrøyene frå Volda i romjula.

3. Raza mixta

Påmelde spelarar: Ajeevan Amirthalingham, Simon Grimstad, Nikolai Hatløy, Jacob Almli, Håvard Øvrelid, Andreas Rise, Vetle Rasmussen

Flest 99-spelarar frå Hareid. Plussar på med eitt år eldre Vetle Rasmussen og to år eldre Nikolai Hatløy. Sistnemnde er ein kraftplugg som kan hjelpe dei yngre karane til nokre poeng i denne turneringa. Talentfullt lag, men blir kanskje litt i yngste laget til å avansere?

4. Fotball Kids

Påmelde spelarar: Arthur Gjerde, Håvard Knudsen Bjåstad, Isak André Kristoffersen, Nathaniel Eiksund Brekke, William Valder Bigset, Olav Håberg Dimmen, Jarle Sander Lilleseter, Sigve Overå Hide, Joakim Warholm, Martinus Almli

Plusspoeng for eit lagnamn som foreinar det norske og det engelske språket på ein framifrå måte. Laget ser ut til å ha flest 99-spelarar, plussa på med nokre som er eitt år eldre. Vi tippar dei kvalitetsmessig er ganske jamne med Raza mixta. 

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar