Vurdering av gruppe D: Krise, Riise?

KRIISE.JPG

Er det verkeleg kriise i Riise-leiren i år? Nei. Trur vi.

Her er det eitt lag som skal vere best, eitt som skal vere nest best - pluss tre andre lag som er litt jamnare.

1. T. kRiise

Spelarar: Øystein Vik Myklebust, Johs Riise, Kenneth Moldskred, Bernt Aage Ulstein, André Skotheim, Roar Riise, Mads André Værnes, Tore Johan Ytre-Hauge

Lagleiar: André Skotheim

Antatt beste spelar: André Skotheim

Vurdering: Denne gjengen, eller noko lunde den same gjengen, har vunne Grendacupen to gonger. Sist var i 1999, og vi listar opp lagoppstillinga frå den gong: Lars Ivar Moldskred, Audun Roe Grimstad, Johs Christian Riise, Bernt Åge Ulstein, Andre Skotheim, Kenneth Moldskred (Hallgeir Barstad & Raymond Sivertsen Bøe var med i innleiande gruppespel).
Det er med andre ord mykje det same. Forresten kalla dei seg "Oi så enkelt å vinne". Dei la altså press på sjølv seg i utgangspunktet. I år, ti år etter, har dei valt motsett strategi. Med eit sånn passelig artig ordspel skal dei liksom prøve å dramatisere dette ned til ein krisesituasjon. Vel, vi trur det er liten grunn til det. T. kRiise bør vere med heilt der oppe. Erdal Aydin og Ørjan Engen Grimstad er vekke i høve fjorårets semifinalelag, men det kan jo vere at det dukkar opp noko på turneringsdagen. På laglista har dei berre med ein utlending; Øystein Vik Myklebust.
Kampane i denne gruppa går berre over 12 minutt, og det kan derfor ligge an til mange tette og jamne oppgjer. Uansett bør dette vere noko lunde grei skuring for T. kRiise, sjølv om laget vi listar opp på andreplass muligens kan gi dei litt motstand i ein enkeltkamp.
PS. For jubileumet sin del, bør ikkje Hallgeir Barstad og Raymond Sivertsen Bøe få bli med i troppen?

2. Eiliv og gutta

Spelarar: Vagn Scheide Mork, Klaus Stian Krumsvik Moldskred, Karl Eirik Frøysa Hansen, Marius Rise, Alfred Varhaug, Cato Hansrud, Trond Haugland, Sturla Pilskog, Eiliv-Tore Howlid, Ulf Hansrud

Lagleiar: Vagn Scheide Mork

Antatt beste spelar: Vagn Scheide Mork

Vurdering: Før cupen i fjor skreiv vi at dette laget får vanvittige problem mot yngre motstand som spring og stressar dei. Vel, det slo godt an. For i 1/8-finalen i fjor vart det tap mot Glade Guttar. Mot andre lag brukar for så vi dette laget å gjere det greitt. Eiliv og Gutta vann forresten Grendacupen i 1995. Men tilbake frå den gong er berre Eiliv sjølv. Uansett har noko lunde den same gjengen utgjort eit lag i mange år no, utan den store suksessen. Kjem han i år? Nei, vi tvilar på at dei blir med heilt der oppe. Men i denne gruppa bør dei ha få problem med å ta 2. plassen. Gjennomsnittsalderen på Random Select er for høg.
PS. Spennande signering i Ulf Hansrud.

3. Random Select

Spelarar: Tore Rantapelkonen, Brian Kragseth, Tony Rasmussen, Alexander Riise, Magne-Kjell Wingsternes, Georg Olsen, Naim Ameti, Rami Abdalla, Daniel Hatløy.

Lagleiar: Tore Rantapelkonen

Antatt beste spelar: Daniel Hatløy

Vurdering: Som vanleg har Tore sett saman eit lag med mykje forskjellig, så det er liten grunn til å vere ueinig i lagnamnet. Har ikkje meldt på keeper enno, men det skal visst komme. Det osar ikkje kondisjon av Random Select, men her er fleire gode enkeltspelarar som er gode med ball. Daniel Hatløy for eksempel er ein notorisk målscorar, Tony Rasmussen skyt som ein hest - og Rami Abdalla kan gjere mykje på eiga hand. Vi må heller ikkje gløyme signeringa av Naim Ameti, Grendacup-vinnar tilbake i 2000 for Z. Vel, vi har ei kjensle av at Random Select ikkje blir med så langt ut på dag 2, men i gruppespelet bør dei hevde seg greitt. Mange fysisk robuste karar på eitt brett, og det bør halde mot laga vi nemner under her.
PS. Berre eit skot i mørket, men skal vi tippe at alle på laget kjem i drakter med forskjellig farge?

4. Bizim Takim

Spelarar: Emrah Aydin, Murat Aydin, Kurt Haddal, Sujan, Ole Markus Pilskog, Vidar Pilskog

Lagleiar: Murat Aydin

Antatt beste spelar: Kurt Haddal

Vurdering: Hjørungavåg vann sjuarserien på Søre i år med Kurt Haddal som toppscorar. Dette er mykje den same gjengen, supplert med eit par blad Pilskog. Det er litt nivåforskjell på sjuarserien og Grendacupen, og vi trur neppe det blir nye medaljar på Bizim Takim. I denne gruppa kjem dei til å lande på ei plassering mellom 3 og 5. Vi trur nok Random Select har fleire gode spelarar enn Bizim Takim, men Hjørby-laget bør kunne halde ^^ bak seg. Emrah og Murat er ikkje nær å ha inne nivået til lisjebror Erdal, men har litt av den same stirrigheita i seg. Totalt sett "sådær".
PS. Ingen keeper påmeldt. Betyr det comeback for Rikk Hunstad?

5. ^^

Spelarar: Daniel Moldskred Strand, Anders Vik, Markus Skeide, Henrik Roppen, Martinus Warholm, Frikk Fernando Denilson Holstad, Jan Kristian Korsnes

Lagleiar: Henrik Roppen

Antatt beste spelar: Daniel Moldskred Strand

Vurdering: Dette ungdomsspråket altså. Vi har alvorlige problem med å forstå kva desse to hattane, eller omvendt-hakene, skal bety. Når det gjeld det sportslege, så er dette ei samling Hødd junior 2-spelarar pluss Jan Kristian Korsnes og Martinus Warholm. Daniel Moldskred Strand var eit bra talent for eit par-tre år sidan, og har framleis ein del i seg. Bak han er det så som så i denne troppen. Kan alltids kjempe om ein 4. plass her, men 3. plass blir nok i meste laget for det unge ^^-laget.
PS. Keeper? Kong Roppen sjølv eller?

I morgon: Gruppe E

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar