Vurdering av gruppe A: Mafioso eller glede?

LA_COSA_NOSTRA.JPG

Gruppe A er langt frå den skarpaste. Her står det mellom to lag; La Cosa Nostra og Glade Guttar 10. Les analysen.

Gruppe A består av fire lag. La Cosa Nostra og Glade Guttar 10 vil gjere opp om 1. plassen. Krympegasskollektivet må truleg finne seg i ein tredjeplass. Medan AC Kings truleg er ute etter éin dag.

1. Glade Guttar 10

Spelarar: Ingar Richardsen Liaset, Bjarne Snipsøyr, Bjørn Vikanes, Jørund Johansen, Nils Kristian Pilskog, Martin Haanes, Daniel Jøsok Kvalsvik, Alexander Jackson Indreflø.

Lagleiar: Ingar Richardsen Liaset

Antatt beste spelar: Martin Haanes

Vurdering: Enda i den tøffaste innleiande gruppa i fjor, og gjekk vidare som 4. lag. Imponerte då dei slo "Sjukheit" (årets Eiliv og gutta) i 1/8-finalen etter ekstraomgangar. Er ein stirrig gjeng med både styrke og god kondis. Har i år styrka troppen ytterlegare i form av Hødd-juniorane Martin Haanes og Bjørn Vikanes, samt Hareid-backen Alexander Jackson Indreflø. Dette veg opp for at Vegard Moltubakk må stå over og vel så det. Usikkerheitsmomentet er forma til Bjarne Snipsøyr, som truleg blir ståande bak i midten, men han har mykje fotball i seg, så den treng ikkje om å vere gala. Martin Haanes har ei handfull a-kampar for Hødd og har god teknikk. Kan vere med på å sende dei glade karane litt ut i turneringa, i alle fall opp til ei 1/4-finale. Vi spår at Glade Guttar 10 og laget vi vurderer under gjer opp om gruppesigeren her.

2. La Cosa Nostra

Spelarar: Sebastian Grüner, Carsten Grüner, Åge Møgster, Henrik Bolstad Banne, Einar Orten Trovåg, Audun Orten Trovåg, Torgeir Skeide, Kjetil Steinsvik Paulsen, Anders Gaustad, Andreas Helvig.

Lagleiar: Audun Orten Trovåg

Antatt beste spelar: Anders Gaustad

Vurdering: Spelte ein svært solid cup i fjor; utan poengtap i ei sterk femlagspulje innleiingsvis og seinare 4-0-siger mot ;) i kvarten. Tapte til slutt ein jamn semifinale mot dei som i år kallar seg Dei som vann i fjor. Får ikkje lov til å bruke Vegard Heltne i år, og vil nok svekkast av det framover på bana. Har henta inn erstattarar i Hødd 2-stopparen Torgeir Skeide og den tidlegare Hødd-driblefanten Andreas Helvig. Vanskeleg å seie kor dette laget står i høve fjoråret. Spelarar som Henrik Bolstad Banne, Carsten Grüner, Sebastian Grüner, Åge Møgster og Einar Orten Trovåg er meir eller mindre inaktive kva fotball angår, og også Audun Orten Trovåg har trappa ned. Må stole på at Anders Gaustad og Kjetil Steinsvik Paulsen finn den forma dei viste i fjor, då begge var årets spelar-kandidatar. Sistnemnte er svært usikker med tanke på spel dag 1, og det er grunnen til at vi trur at gruppesigeren fort kan hamne hos dei glade. Men vi skal aldri undervurdere eit lag som har knytt til seg den italienske mafiaen.

3. Krympegasskollektivet

Spelarar: Arthur Hjørungdal, Ronald Øvrelid, Vegard Øvrelid, Gunnar Stein Rensenbrink Hareide, Petter Johann Kjersem Hareide, Robin Halsebakk, Gunnar Nordli, Joachim Fiksdal.

Lagleiar: Vegard Øvrelid

Antatt beste spelar: Ein av dei fire sistnemnte, hugsar ikkje kven som er kven i farta.

Vurdering: For ca. 29 år og 3 månadar sidan sikra Hareid seg plass i noverande 2.-divisjon etter ein 4-1-siger mot Herd på Aksla Stadion. Midtstoppar den gongen var Gunnar Stein Rensenbrink Hareide. Vi veit ikkje om han alt den gongen vart samanlikna med den nederlandske venstrevingen Rob Rensenbrink, men det kan godt hende. Krympegasskollektivet har med åra blitt eit fast innslag i Grendacupen, dog under andre namn enn dette. Vi veit ikkje kva dei meinar med årets lagnamn, men det kan høyrest ut som ein studiesirkel i naturfag. Over til det sportslege: Den nye utlendingsregelen gjer at dette laget i år stiller med fire unggutar, Gunnar Stein sin son Petter Johann inkludert. Vi trur ikkje dette laget tar skade av å redusere snittalderen. Arthur, Ronald, Vegard og Gunnar Stein har truleg nådd toppen av karrierene sine, sjølv om Ronald alltid er å finne på kommunetrimmen kvar torsdag klokka 21.00. Det stoppa i 1/8-finalen i fjor, og vi har ein mistanke om at dei gjer det igjen. Kan spele godt i enkeltkampar, som då dei slo Glade Guttar i fjor, og det kan jo faktisk hende at dei kan ta poeng frå eitt av dei to laga over. Men i det lange løp blir dette for ujamt.

4. AC Kings

Spelarar: Venthan, Kasi, Kirti, Kajan Anton, Akilan, Presh

Lagleiar: Venthan

Antatt beste spelar: Venthan

Venthan har spelt for gutte- og juniorlaget til Hareid i år, og imponerte veldig i ungdomsklassen førre romjul. Kasi og Kirti kan også bli gode. Elles trur vi dette blir for spinkelt. Det kan jo hende dei dukkar opp med spelarar når cupen tek til, men vi har våre mistankar om at det ikkje blir Magnus Myklebust og Arild Sundgot - for å seie det slik. Kjempeflott at desse "kongane" stiller opp, men det vil overraska oss om dei kan gi tyngre og meir rutinerte lag motstand i år. Har uansett potensiale til å blir bra etter kvart.

I morgon: Gruppe B, dødens gruppe

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar