Vurdering av gruppe E: Tid for å blonke, Morten!

MORTEN_GISLE_MOLDSKRED.JPG

Det blir neppe den alvorlege Morten "Gisle" Moldskred vi får sjå i aksjon under Grendacupen for laget ;).

Gruppe E er ei firelagspulje der vinnaren seier seg sjølv. Bak der er det jamt.

1. ;)

Spelarar: Martin Løset, Jon Arne Gardshol Haram, Steinar Egset Nupen, Tommy Pettersson Torsvik, Robert André Breivik, Stig Haugland, Arthur Bakke Garnes, Morten Moldskred, Rune Husø Johansen, Stian André Slotterøy.

Lagleiar: Steinar Egset Nupen

Antatt beste spelar: Tja

Vurdering: Sist Morten deltok i Grendacupen var i 2007. Ja, han hadde gode spelarar rundt seg. Men det vart Morten mot resten. Slik kan det fort bli i år også. Så lenge han har noko lunde greie spelarar rundt seg. Og det har han. ;) var ingen suksess i fjor, med 0-4 tap mot årets La Cosa Nostra i kvarten. Men det er jo mange gode spelarar på dette laget. Rune Husø Johansen står støtt bak i midten, og både Stig Haugland og Stian André Slotterøy kunne ha snusa på ein toppscorartittel om ikkje Morten hadde vore med. Leifen meinte ein gong at Martin Løseth var verdas beste innekeeper. Han om det. Men Martin står støtt han. Kven vi trur vinn sjølve cupen skal vi komme inn på i ein annan artikkel, men ;) får ingen problem i gruppespelet.
PS. Vi finn ei hake ved ;). Dei blir laget alle skal slå.

2. Attrus

Spelarar: Christer Adrian Mork, Daniel Reite, Preben Nedrelid, Benjamin Slettebakk, Fredrik Muren, Oskar Hammer Gunnarstein, Nikolay Sundgot, Preben Sætre.

Lagleiar: Daniel Reite

Antatt beste spelar: Preben Sætre

Vurdering: Det blir truleg ein jamn kamp om 2. plassen i denne gruppa. Ingen av dei tre resterande laga i denne gruppa skil seg ut som klart betre enn dei andre. Grunnen til at vi har trua på Attrus er ikkje at dei med sitt lagnamn signaliserer skumla planar for jula. Grunnen er at dei har ein svært god innespelar i Preben Sætre, ein notorisk goalgetter i Christer Adrian Mork, ein habil keeper i Daniel Reite og ein bra + spelar i Oskar Gunnarstein. Elles er det jamt over OK. Fredrik Muren fekk vel ein del speletid for Bergsøy for Bergsøy i år. Så dette er eit habilt lag.  Vi trur dei jamt over har betre spelarmateriale enn laga bak.
PS. Med tanke på lagnamnet kan det vel vere litt greitt at denne gjengen slepp å spele i ei av morgongruppene.

3. Tam IL

Spelarar: Stian Berge Myrene, Gunnar Johann Ringstad, Bjørn Vegard Bjåstad, Arne Gunnar Nesset, Andreas Hafsfjord Rise, Stian Garnes, Erlend Arnfinn Havåg, Anders Eidsvik.

Lagleiar: Bjørn Vegard Bjåstad

Antatt beste spelar: Gunnar Johann Ringstad

Vurdering: Kan minne om gamle Team Gull, men manglar nokre vesentlige brikker frå den gongen. Tore Ytre-Hauge var i utgangspunktet påmeldt dette laget, men har gått over til T. kRiise. Det gagnar neppe Tam IL. Har likevel ein del kvalitet på laget. Gunnar Johann er framleis bra og Stian Garnes bør vere det. Stian Myrene har vore skadd lenge, men har vel eitt og anna grep inne framleis. Erlend Havåg har vore god på Grendacupen før, men vi er ikkje up to date på hans form. Samla sett blir det heilt greitt. Ikkje det heilt store, men kan gi ein del lag vanskar.
PS. Kva betyr Tam i dene samanhengen?

4. Null Stress

Spelarar: Nikolai Røyset, Lasse Leirstad, Thomas Østrem, Arild Hånes, Magne Møgster

Lagleiar: Nikolai Røyset

Antatt beste spelar: Nikolai Røyset

Vurdering: Her legg lagnamnet umiddelbart opp ein ball vi ikkje kan la vere å smashe. I fjor møtte Niko og co opp med tre spelarar til 1/8-finalen, fordi dei hadde sett feil på kampoppsettet. Låg umiddelbart under med mange mål mot ;), naturleg nok, men etter at laget vart fulltallig med sju minutt igjen å spele enda resten av kampen uavgjort. Så dette er eit råd til deg, Niko: Greit nok å ikkje stresse, men det får vere måte på. Om laget, så er det ikkje mange mann påmelde her. Det gir ikkje det heilt store grunnlaget for vurdering. Niko og Lasse held mål, medan det er nokre år sidan Thomas og Arild var kongar på guttelaget. Magne er på plass som alltid. Det begynner også å bli ei stund sidan han var aktiv, men vi får nok sjå ei og anna feberredning. Med ein litt fyldigare benk kan dette laget hevde seg, men vi har ein mistanke om at dei vil slite slik laglista ser ut no.
PS. Kva keeperdrakt blir det i år, Maggie? Den grøne med Coop eller den ekstremt utvaska Norway Cup 2003-gensaren?

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar