Vurdering av gruppe C: Grei skuring for holingane

VASKING.JPG

Truleg problemfritt for Holemix i denne gruppa, men det skal bli spennande å sjå kva "Eit brukbart lag" kan tilby.

Det mest spennande i denne gruppa kan fort bli kampen om 3. plassen. Kan ungdommane på "Slå å gå" tukte "Kræda e færdi jåtta"?

1. Holemix

Spelarar: Stig Andor Engen, Tommy Walaunet, Bård Grimstad, Magnus Holstad, Odd Sverre Urke, Svenn Erik Warholm, Joar Møller, Hallvar Møller, Lars Roar Holstad, Even Hansrud.

Lagleiar: Hallvar Møller

Antatt beste spelar: Stig Andor Engen

Vurdering: Holemix er heilt der oppe. Det er regelen. Unntaket var i 2007, då eit skadeplaga holelag rauk i kvarten. Då Morten Moldskred melde avbod for Skotty og co i fjor vart favorittstempelet flytta over på Holemix. Det såg ut som at dei skulle cruise inn til turneringssiger, men årets Dei som vann i fjor fann forma i siste liten og sette inn sluttspurten. Dermed vart det sølv på Holemix.
Ingen overraskingar i årets tropp. Bendik Holstad er vekke, men er erstatta av meir rutinerte om kanskje ikkje like gode Bård Grimstad. Ein utefirar med Møller x 2, Holstad og Hansrud held uansett i massevis, og Warholm får også mykje speletid. Vi har ofte trudd at Holemix-spelarane er dårleg trena på førehand, men det slår ikkje til. Dei har ein måte å spele på som ikkje brenn for mykje krutt. I mål har dei Stig Andor Engen, årets spelar i 2006 og spiss på Hareid 2 i vår. 50 år no, men står sikkert som ein mur når han blir 60 også. I gruppespelet trur vi Holemix gjer det som trengst for å vinne gruppa. Det betyr at Stig også får seg nokre kampar som spiss. Dette laget feilar neppe innleiingsvis, og blir igjen ein av to eller tre favorittar til å vinne cupen.
PS. Kjem Stig Andor med den grøne keeperdrakta si frå 80-talet med logoen TIPPING i år også? Og kor mange kampar skal han diskutere seg fram til å spele spiss før han går i mål?

2. Eit brukbart lag

Spelarar: Ivar André Aadland, Are Pilskog, Sturla Pilskog, Bjørn Åge Storegjerde, Thor K. Eide

Lagleiar: Ivar André Aadland

Antatt beste spelar: Sturla Pilskog

Vurdering: Fem spelarar er eit i overkant tynt vurderingsgrunnlag. Vi reknar med dei finn fram minst eit par namn til på turneingsdagen. Har sikra seg ein bra keeper i Lokomotiv Oslos Storegjerde. Aadland kom til Hareid a-lag i sommar, og skal no vere kvitt skadane han sleit med. Are og Sturla kjem sikkert til å finte meir enn dei tacklar, men har kvalitet så det held. Thor K. Eide veit vi rett og slett ikkje kven er. Så kva er då usagt? Neiss, eit spennande lag. Bør ta seg greitt vidare. Kva meir dei får ned på laglista vil avgjere om dei kan true Holemix, men vi tvilar nok på at dei gjer det. Uansett brukbart, og mest sannsynleg meir enn det.
PS. Dette er innefotball, så det hjelp ikkje kor mange gonger Ivar og Sturla spelte futsal i Trondheim i 1999. Det er ein annan idrett.

3. Kræda e færdo jåtta

Spelarar: Karl Johan Fjelle, Robert Flø, Håkon Elias Frøysa Hansen, Kim Lillebø, Frank Robert "Kræda" Moldskred, Audun Pilskog, Christian Aasmo, Ørjan Yri, Tor Arne Langnes, Roy André Øvrelid.

Lagleiar: Robert Flø

Antatt beste spelar: Roy André Øvrelid

Vurdering: Eit fast og velkoment innslag i cupen. Har omtrent den same gjengen dei brukar å kome med, og har ein vane om å kome seg til 1/8-finalen og gjerne tape med nokre mål der. Forskjellen i år er at kræda ikkje gyt, ho e færdi jåtta. Det betyr truleg at dette laget slår til for alvor. Eller?
Roy André Øvrelid blomstra i Hareid 2-trøya i år, og vil nok vere god også på parketten. Det begynner å bli nokre år sidan Audun Pilskog og Håkon Frøysa Hansen var unge og lovande, men har vel framleis litt i seg. Elles ein jamt over brukbart tropp. God keeper i Karl Johan Fjelle. Vi trur Kræda vil kjempe om 3. plassen i denne gruppa. Dei er verken betre eller svakare. Kondisen i leiren er truleg ikkje den beste, men med 10 mann i stallen kan dei bytte mykje. Og det kjem dei garantert til å gjere. Då kan dei halde yngre motstand bak seg på tabellen.
PS. Kor mange på laget kjem i år med Hareid Guttelag-drakt frå 1999?
PS 2. Kjem Håkon Frøysa til å spele med bukse og blå Norway Cup 2002-gensar i år også?

4. Slå å gå

Spelarar: Kevin Hestholm, Joachim Røyset, Martinus Røyset Bakken, Georg Gaasø, Arild Liaset, Antoni Gardshol, Anders Oksavik.

Lagleiar: Georg Gaasø

Antatt beste spelar: Martinus Røyset Bakken

Vurdering: Var det første laget som melde seg på, 16 minutt etter at det var opna for det. Rykta seier at Georg Gaasø satt framfor PC-en i tre døgn i strekk for å vente på at det endeleg vart opna for påmelding. Det medførte tre dagar med skulk og nedsett karakter i O-fag, men det brydde han seg lite om.
Både Bakken og Røyset var rimeleg faste innslag i Hareid-troppen i år. Hestholm, Liaset og Gaasø heldt seg mest på juniorlaget. Gardshol var fast på a-laget innleiingsvis, før skadane kom, men vi har ein mistanke om at han er betre ute enn inne. Uansett ein av cupens klart mest tacklingssterke spelarar (nokon som hugsar tacklinga på Erik Sandal i treninskampen i januar?). "Slå å gå" har altså fleire gode namn å by på, men er unge, og det talar ikkje alltid fordelens veg innandørs. Kan vere stirrige og jobbe hardt, men vi er usikre på kor langt det rekk. Bør vere kapable til å kjempe om 3.-plassen og muligens gi Eit brukbart lag motstand på ein god dag, men vi er altså litt i tvil. Martinus Bakken held eit høgt nivå når han får rom å boltre seg i. Det får han ikkje innandørs. 4. plass, under tvil.
PS. Laget kan gå vidare som beste firar.
PS 2. Vi likte det førre lagnamnet betre; "Folk å minnjast".
PS 3. Kjem Kevin Hestholm til å stå med gult vest i år også?

5. Steik kor go vi e

Spelarar: Svenn Aslak Veiseth, Anders Lillebø, Ole Kristian Øvrelid, Robert Ribba Takseth, Vebjørn Mork, Vebjørn Kvalvik, Odd Magne Brandal

Lagleiar: Robert Takset

Antatt beste spelar: Odd Magne Brandal

Vurdering: Her er det noko for ein kvar smak, er ikkje det eit uttrykk? Fellesnemnaren her er Brandal. Dette er hardbarka karar som i ungdommen måtte reise til Grønlandsisen på seljakt, og elles aldri fekk anna enn fisk og poteter til middag. Så var det det med fotball? Tja. Svenn Aslak var på a-laget for ti år og to, tre kilo sidan. Oddis fekk ein a-kamp i 2003. Anders Lillebø spelte ein del kampar for Hareid 2 i år. Robert Ribba spelte vel for nettopp Brandal i si tid.
Vi ventar oss topp innsats og god lagmoral av denne gjengen. Vi har vel ikkje sånn vannvittig god tru på at Steik kor go vi e skal vere blant dei beste laga i denne gruppa. Men kan dei overraska og gjere tipset til ei skam?
PS. Kor mange minutt, for å ikkje snakke om sekund, går det før første spelar signaliserer bytte i kamp 1?

I morgon: Gruppe D

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar