18.12. Vurdering av Grendacup-gruppe B

B-pulja er nok den tøffaste i år. Heldigvis går jo tre av dei fire laga vidare, men eitt skal ut. Og det kan nesten bli kven som helst. Laget vi tippar på 4.-plass kan like godt vinne heile turneringa.

1. Tam IL En

Påmelde spelarar: Kim René Vågeskar, Joachim Moldskred, Stian Garnes, Erlend Havåg, Olav Haug Vikebakk, Tore Johan Ytre-Hauge, Arne Gunnar Nesset, Per Ståle Nykrem, Ove Kvalsvik

Vurdering av laget: Tam IL-ane kunne ha toppa førstelaget endå meir. Og det har jo dei framleis sjanse til for så vidt. Uansett er dette eit godt lag, spesielt defensivt. Der har dei dobbel dekning. Også mykje rutine. Tam IL En kan fort vinne denne jamna gruppa.

Spørsmålsteiknet: Kven skal score måla? Både Nykrem, Vikebakk og Kvalsvik kan vel putte litt, men laget manglar spelaren som kan goalle 20 i løpet av turneringa - trur vi.

Profilen: Her er det vel ingen tvil; Per Ståle "Pers" Nykrem. Mannen som rett og slett elskar å vinne, ikkje minst på trening. Mannen som kan komme med replikkar som "Ååååååå, du hekje god nok teknikk" (til ein Hareid-spelar), "Ej kjeme som en tolling" (om sitt eige løp i ein Hareid-kamp) og "Ej e en demon på haudet" (som Bergsøy-spelar). Ei sann legende. Vi ser gjerne sigersrundane frå 2008 ein gong til.

2. Bazinga!

Påmelde spelarar: Vegard Stojkovic Hareide Øvrelid, Peter Johann Kjersem Hareide, Gunnar Rensenbrink Stein Hareide, Ronald Øvrelid, Håkon Lonbakken, Harald Åsland Riise, Erdal Aydin, Gunnar Blakset Nordli, Christian Mork, Joachim Fiksdal, Inge Hareide (NB. 11 stykk, berre lov med 10, unge mr. Hareide har fått beskjed om det)

Vurdering av laget: Dei kan kalle seg kva dei vil, men dei er best kjende som "Wimbledon" i Hareidhallen. Og dette må vere ein av dei raraste mixane av fotballspelarar Grendacupen har skilta med. Øvrelid/Hareide-karane og Herd-gutta er framleis berebjelkane. Men no har dei henta inn Harald Ås, Erdal, C. Mork og Håkon Lonbakken. Om dette laget maksar ut kan dei nå veldig, veldig langt. Hugs at Erdal på sitt beste er eit lag åleine. Og C. Mork er heller ikkje så verst. Blir dette laget samspelte blir det bra.

Spørsmålsteiknet: I tillegg til det med kor godt denne gjengen kjenner kvarandre, må vi vel trekkje fram det med keeperplassen. Inge Hareide nærmar seg 50, men er ingen Stig Engen (due all respect). Lonbakken kunne blitt ein bra keeper, men har lagt opp, og er best i feltarbeidet (og det er som kjent større ute enn inne). 

Profilen: Ingen tvil om at Gunnar Rensenbrink Stein Hareide er profilen på dette laget. 52 år og bur i Ålesund, men smiler alltid like breidt kvar romjul han kjem inn inngangsdøra på Hareidhallen. Var stoppar på Hareid-laget som nådde landsdelsserien i 1980. Før det hadde han ei varierande fortid som angrepsspelar, som gav han tilnamnet "Rensenbrink". Les historia her.

3. Young Guns

Påmelde spelarar: Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø, Øyvind Hagen, Martinus Røyset Bakken, Kevin Aarvik Hestholm, Arild Liaset, Peter Daniel Baade, Havtor Hofseth Skeide

Vurdering av laget: Tre unge Hareid-spelarar (Røyset, Gaasø, Hestholm), tre unge Hødd-spelarar (Bakken, Hagen, Skeide), ein ung Bergsøy-spelar (Baade) og ein som meir eller mindre har lagt opp (Liaset). Dette laget varierte i fjor, men blir nok betre år for år. Vinn neppe cupen i år, men kan gå eit hakk eller to vidare på dag 2 om dei maksar ut. Får også meir enn nok av utfordringar dag 1. Kan i verste fall ryke alt då, men trur dei legg i alle fall eitt lag bak seg på tabellen for gruppe B.

Spørsmålsteiknet: Skal dette laget spele i Farstad-t-skjorter i år også?

Profilen: Kevin "Kaffi" Aarvik Hestholm. Ingen tvil her heller. Var i ferd med å bli ein skikkeleg bygdeoriginal, men heldigvis tok fotballen han. Er sjølve limet på juniorlaget - og på benken til a-laget (hentar alltid kaffi for eksempel). Får likevel litt tid til å gjere andre ting no og då, som å sende inn blekksprut-videoar med liten kristen-appell til vikebladet.no.

4. The Flood

Påmelde spelarar: Lars Ivar Moldskred, Kenneth Moldskred, Johs Riise, André Skotheim, Bernt Aage Ulstein, Dag Roar Ørsal, Mads André Værnes

Vurdering av laget: Lars Ivar og Dag Roar er sjølvsagt gode forsterkingar. Skotty held seg i overraskande bra fotballform sjølv om han nærmar seg 40, men det gjeld ikkje alle lagkameratane hans. The Flood kan sjølvsagt gå eit stykke om dei får det til å stemme. Men det er lite som har stemt med dette laget dei par siste sesongane. Så vi tvilar til det motsette er bevist.

Spørsmålsteiknet: Johs og co har hatt ein tendens til å melde på spelarar som ikkje dukkar opp. Vi hugsar vel alle det året Rob Friend ikkje rakk ferja til Hareid... Vi håper sjølvsagt at Dag Roar Ørsal kjem, men trur det ikkje før vi ser han.

Profilen: Lars Ivar Moldskred. Når han er keeper innandørs verkar han ofte meir opptatt av å komme seg opp på midtbana for å score enn å redde mål. Men årets Grendacup-spelar i 1999 (sist dette laget vann cupen) er framleis ein kanonkeeper i sine beste stunder.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar