18.12. 43 lag i Grendacupen!

(Eller 45 om vi tek med "jubileumslaga") Sjekk mail som er sendt ut til lagleiarane.

Hei igjen godtfolk

Etter ei misforståing var det eit ungdomslag som ikkje vart tatt med i det første oppsettet. Det betyr at dette laget no har komme inn med i eit redigert kampoppsett. Ber alle om å sjekke oppsettet på nytt for å sjå kva det betyr for sine lag. http://mylivescore.no/Livescore?tid=MwA0ADUANAAwADEAIwA%3D
Dette betyr også at vi køyrer ein eigen finale for jentelag (ungdom) med vinnarpokal og det som høyrer med.
Det betyr igjen at dei to beste laga frå kvar ungdomspulje (gutar) går vidare.
 
Håper folk merkar seg dette, og at det betyr ei endå strammare kampprogram enn først oppsett.
Så møt opp i god tid til kvar kamp og ver alltid klar til å starte fem minutt før oppsett tid.
 
For Grendacup-komiteen;
Einar Orten Trovåg
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar