18.12. Under lupa, gruppe B: Glede for de menneskene

GRUPPE_B.JPG

Gruppe B er ei av dei klart betre. Her finn vi både utlendingar og folk som gjerne skulle ha vore det. I tillegg til både barbararar og folk som ikkje brukar førjulsstria til å stresse.

1. Alegria do Povo

Påmelde spelarar: Vagn Scheide Mork, Ivar André Aadland, Trond Haugland, Are Pilskog, Sturla Pilskog, Thor K. Eide, Kenneth Buvik. Ansvarleg: Aadland

Om laget: Ikkje berre må Grendacup-komiteen ta imot lagpåmeldingar, lage kampoppsett, finne dommarar, vaske parketten og så vidare. Vi må også setje oss inn i verktøyet Google Translate for å finne ut kva ein del lagnamn faktisk betyr. Som dette. Det ana oss at Brasil-fanaten Aadland skulle plukke noko sydlandsk. Og det viste seg å stemme. Vi nektar å tru at nokon andre på laget hans veit kva Alegria do Povo betyr. Men her kjem svaret: ”Glede for de mennskene”. Eit vanleg Google-søk fører oss fram til at dette har noko med den tidlegare Brasil-spelaren Garrincha å gjere. Men nok om det. Aadland har slanka stallen i høve fjoråret. Vekke er norgesmeistrane Andreas Rekdal og Christian Mork, samt LGFK-kanten Preben Sætre og rutinerte Georg Aursnes. Teknikkaren Thor K. Eide er tilbake etter eitt års pause, og ein annan futsal-mann med namn Kenneth Buvik har også blitt meldt på. Stallen er altså ikkje den største, men det bur mykje fotball i desse spelarane. Are Pilskog er ikkje aktiv lenger, men var ein av turneringas beste spelarar i fjor. Sturla kan også sitt fag. Elles er dei andre aktive fotballspelarar i ei eller anna form. Vagn Scheide Mork utropa dette laget til favorittar i fjor, men for andre år på rad tok dei sølv. I år har han ikkje ropt like høgt. Strategisk, kanskje? Sluttspelet skal vi sjå nærare på seinare, men dette er det beste laget i gruppe B.

Profilen: Det må vere tekno-Aadland. Og då snakkar vi ikkje om fotball-teknikk, som han for så vidt har i orden. Men alle moglege teknologiske produkt han nyttar seg av i høve kampar og treningar. Den eine dagen var det ein MP3-spelar. Den andre ei pulsklokke. Kva blir det neste? Vannkokar?

2. StressLess

Påmelde spelarar: Kevin Aarvik Hestholm, Nikolai Røyset, Joachim Røyset, Lasse Leirstad, Emil Viddal, Arild Hånes, Thomas Østrem, Torgeir Skeide. Ansvarleg: N. Røyset

Om laget: Niko Røyset får aldri prisen for mest oppfinnsame lagnamn. Kaffi bør få den jobben neste år. Årets lag er ei slags samanslåing av laga til brørne Niko og Jokke Røyset. Niko skal neppe spele sjølv (langtidsskadd), men her er mange andre bra spelarar her. Ikkje minst Emil Viddal, som av ein eller annan grunn har blitt vraka frå Ej veit kenj du e!! Lasse Leirstad og Torgeir Skeide har vore gode Hødd-juniorar. Sistnemnde vann forresten Grendacupen i 2009. Trekk vi vekk Niko har StressLess sju spelarar, og med mindre Niko stressar litt den neste veka blir dei ikkje fleire. Då blir det kanskje i tynnaste laget med tanke på å nå langt dag to. Men det skal vere mulig å lage ein god femmar her. Kaffi er ei forsterking som keeper. Barbarians gir nok StressLess hard kamp over 12 minutt, men får dette laget fart på kula er dei knappe favorittar til å ta andreplassen.

Profilen: Vanskeleg å kome utanom Kevin ”Kaffi” Hestholm her. Utelukkande fordi han ropar ”fysja” dersom ein motspelar han ikkje liker nærmar seg.

3. Barbarians

Påmelde spelarar: Magne Kjell Wingsternes, Odd-Magne Brandal, Vidar Longva, Terje Longva, Ulrik Wingsternes, Ole Monrad Alme, Daniel Hatløy, Tony Rasmussen. Ansvarleg: Oddis

Om laget: Det første som slår oss når vi les desse namna er at Oddis har samla saman ein fysisk gjeng. Ikkje mange her som ikkje har fortid i Sunnmøre Rugbyklubb, eller om ikkje anna kunne gjort ein bra figur der. I fjor var Oddis og Co. nære ved å nå kvartfinalen, og laget er forsterka sidan då. Ole Monrad Alme har stått ein del for Hødd 2 i år, medan Ulrik Wingsternes og Terje Longva har vore stopparar på høvesvis Bergsøy og Hasundgot. Tony Rasmussen har spelt for Haddal, medan Magne Kjell og Oddis sjølv har vore med på Hareid 2. Daniel Hatløy var med litt for Haddal. Vidar Longva har flytta til Hareid, men ikkje knytt på seg fotballskorne enno. Alt i alt solid nok. Barbarians er ein kvartfinalekandidat, men har ikkje komme i den enklaste innleiande pulja. Litt hipp som happ om dei blir nummer to eller tre.

Profilen: Den tidlegare hardhausen Magne Kjell Wingsternes har blitt litt av ein fløtepus med åra. Som venstreback på HIL 2 fekk han berre éi karantene denne sesongen, og det var for tre gule kort. Noko må ha skjedd. Er det Hareid IL si Fair Play-satsing som har virka?

4. Bizim Takim

Påmelde spelarar: Kajan Anton, Vidar Pilskog, Murat Aydin, Emrah Aydin, Ole Markus Pilskog, Kurt Haddal, Tore Romestrand. Ansvarleg: Murat

Om laget: Har hatt det samne namnet og omtrent dei same spelarane sidan 2008. Bizim Takim betyr framleis ”Vårt team”, framleis ifølgje Google Translate, og det passar denne trufaste gjengen godt. Har hatt gode og dårlege turneringar,. For to år sidan vann dei til dømes si gruppe framfor fleire gode lag. Kurt Haddal bøttar visst nok framleis inn mål for Hjørungavåg sjuar. Kajan Anton er ein spretten keeper, og dei andre held også eit anstendig nivå. Vi ser at Tore Romestrand er henta inn frå Hasundgot, men kjappe og tekniske Sujan manglar i år. Eller kjem han likevel? Om ikkje skal dette halde hardt. Laget vil neppe dumme seg ut, men er her nok kvalitet til å skremme eitt av dei tre laga over? Vi opnar for det, men tvilar.

Profilen: Kurt Haddal, eller Kurt André Haddal som han heiter, er fødd i 1966. Dermed er han truleg turneringas fjerde eldste spelar etter Gunnar Stein Hareide, Artur Hjørungdal og Harald Åsland Riise. Kven sa at dei eldste ikkje alltid er best? Som den einaste av desse er Kurt framleis aktiv. Og om ikkje farta er der framleis skyt Kurt André framleis som ein hest. Respekt.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar