19.12. Under lupa, damegruppene: Inga nåde!

LAS_LOCAS_2_BY_MTERRY4_D4RL46H.JPG

Dameklassen i Grendacupen har blitt betre både kvantitativt og kvalitativt. Faktisk er dette den tøffaste klassen av dei alle, sidan "berre" 50 % av laga går vidare til dag to. Her blir det inga nåde...

Damegruppe 1 (J)

1. Carro e?

Påmelde spelarar: Synne Ryan, Trude Håkonsholm, Ingeborg Ørsal Garen, Martha Helvig, Andrea Sævik, Mari Vikanes, Camilla Ervik. Ansvarleg: Helvig

Om laget: Vinnarlaget frå 2009, 2010 og 2011. Det er eit stykke opp til Grete Rise og Co. som vann kvart år mellom 2001 og 2005, men Carro e? nærmar seg drastisk om dei vinn i år. Ikkje alle desse damene spelar på Hødd sitt 2.-divisjon lenger, men skal halde eit bra nivå likevel. Camilla Ervik var kaptein på Fortuna i 1.-divisjon sesongen som var. Og så må vi spørje; Carro e?. Ho (Caroline Overvåg, toppscorar i 2009 og 2010) er i alle fall ikkje påmeldt. Likevel er Carro e? ein klar puljefavoritt.

2. Einar! VI kan å sentre

Påmelde spelarar: Sara Lande Rise, Oda Berge, Hege Flakk, Heidi Muren, Marita Myrvågnes, Miriam Johannessen, Margit Jøsok. Ansvarlege: Oda og Sara

Om laget: Det kan fort bli eit rotterace om 2.-plassen i denne gruppa. Vi slit litt med å bestemme oss. Så kanskje det er lagnamnet som gjer at vi set opp Einar! VI kan å sentre på 2.-plassen, som gir avansement? Vi skulle nesten tru at vurderings- og påmeldingsansvarleg kan ha uttala seg sleivete om eitt eller anna, men vi vel å tru at lagnamnet er positivt retta mot vedkommande. Når det gjeld det sportslege ser dette ganske bra ut. Sara Lande Rise (søstera til Marius) har tidlegare blitt kåra til årets spelar på Grendacupen. Margit Jøsok har vore kaptein for Hødd sitt damelag. Heidi Muren spelte eller spelar i Volda om vi ikkje tek heilt feil. Hege Flakk scora mange mål då ho spelte nokre kampar for Hareid sitt damelag i fjor. Jau, det kan fort bli avansement på denne gjengen.

3. Bad to the bone

Påmelde spelarar: Janita Røyset, Martine Holstad, Anna Holstad, Maria Holstad Dimmen, Sara Bigset, Susanna Bigset, Thea Simone Svendsen Trulsen, Kamilla Kleven, Ingrid Holstad, Iselin Holstad. Ansvarleg: Martine 

Om laget: Bad kan omsetjast til dårleg, og bone betyr vel bein. Fritt oversett kallar altså dette laget seg Dårleg til beins. Vel, det er jo eit relativt ungt lag, så dei bør ha ein god del å gi. Tek vi ikkje feil er både damespelarar frå Hareid og Hasundgot med her, pluss nokre som ikkje er aktive lenger. Slik vi ser det kan dette vere eit lag som kan ta andreplassen, men Einar! VI kan å sentre har meir rutine.

4. Dei som vinne banketten

Påmelde spelarar: Silje Urke Antonsen, Malene Bigset, Torill Oda Ringstad, Tonje Frøystad Garvik, Ingrid Emilie Pilskog, Marte Rise, Ingeborg Ekroll Ellingsund, Merete Haddal Bjåstad, Ingrid Døving Oksavik. Ansvarleg: Silje

Om laget: Vi skal innrømme det først som sist. Det var faktisk dette laget som banketten på Hareid hotell i fjor. Kanskje var det fordi dei rauk ut dag éin og hadde god til å førebu seg? Reint sportsleg har Dei som vinne banketten både ein tidlegare landslasspelar i fotball (Antonsen) og ein tidlegare landslagsspelar i handball (Ellingsund) på laget, men totalt sett imponerte ikkje laget veldig i fjor. Og vi held dei i utgangspunktet som ein outsider i denne gruppa. Skulle dei ryke ut tidleg er det forresten berre å glede seg til banketten.

Damegruppe 2 (K)

1. Las Locas

Påmelde spelarar: Annika Lisa Brandal, Ragnhild Ertesvåg, Veronica Mork, Andrea Rødseth, Aina Eid Kvamme, Thea Vattøy Kristensen, Marthe Madsen, Martine Slettestøl. Ansvarleg: Annika Lisa

Om laget: Noko lunde den same gjengen vart nummer to både i 2009 og 2011 (deltok ikkje i 2010). Så det har ikkje komme så mange grunnar til å bli Las Locas (gal) enno. Vi skal komme tilbake til sluttspelet seinare, men denne gruppa bør Las Locas vinne. Majoriteten av spelarane spelar eller har spelt på Hødd sitt damelag. Kvamme (keeper) og Ertesvåg er kanskje dei to viktigaste spelarane der. Jau, vi ser ikkje for oss nokon annan vinnar av denne gruppa.

2. Bon Millesime

Påmelde spelarar: Kristin Marø, Cecilie Skeide, Siri Holm Sundgot, Gry Sundgot Antonsen, Victoria Røren, Tove Maren Johnsen, Marita Gjerde, Stine Marø Sundgot. Ansvarleg: Marø

Om laget: Igjen må vi fram med Google Translate. Det ana oss at dette var fransk, men vi vart faktisk litt overraska då vi fann ut at Bon Millesime betyr "Godt år". Takk det same, seier vi. Dette laget er består neste berre av Hasundgot-spelarar. Mange av dei har ei tilknyting til Hareid. Røren og Skeide bur vel her, og Marø har vakse opp her og spelt for Hareid damelag på 90-talet. Laget har ein del rutine, og på ein god dag kan dei slå Las Locas. Men i utgangspunktet er dette ein god nummer to i denne gruppa.

3. No Mercy

Påmelde spelarar: Arnhild Åsmo Bigset, Sissel Indreflø, Gunhild Verås Grimstad, Charlotte Kleppe, Kristine Husøy, Irene Fjelle, Anna Djupvik, Astrid Andersen. Ansvarleg: Arnhild

Om laget: Dei to laga vi har tippa utanfor avansement i denne gruppa består i all hovudsak av spelarar frå Hareid damelag. Kjedeleg nok tippar vi dei eldste framfor dei yngste. Hareid damelag har vist bra framgang etter re-starten i fjor vinter. Men dei har enno ikkje slått Hasundgot. Og då er det altså ein barreiere å bryte der. Men som lagnamnet seier: No Mercy

4. Kleppe og Co.

Påmelde spelarar: Olaug Orten Trovåg, Katrine Holstad, Benedicte Kleppe, Ingrid Kleppe, Maria Skar, Natalie Seljeseth Birkhol, Runa Overå Hide, Thea Moe Larsen. Ansvarleg: OOT

Om laget: Dette er då dei yngste på Hareid sitt damelag, dei som i 2011 og 2012 har spelt på klubbens jentelag. Men sjølv om dette laget er ungt har dei ein del erfaring frå Grendacupen. Dei er no med for tredje gong. Ingen av åra har dei komme til finalen. Kanskje er det eit år for tidleg også i år? Ikkje lett å seie. Her er spelarar her som kunne gått inn på alle laga over dei på lista, men i utgangspunktet trur vi det blir tredje- eller fjerdeplass på Kleppe og Co.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar