17.12. Under lupa, gruppe A: Dyrisk og rullings i heimen

I gruppe A finn vi Rett å slett Dyr, Krædene, Hus og eit familieakademi.
I gruppe A finn vi Rett å slett Dyr, Krædene, Hus og eit familieakademi.

Vår førehandsmeldar tvilar på at dei aller største bombene dukkar opp i gruppe A. Men det blir fleire interessante kampar og ikkje minst ei rekkje ortodokse og mindre ortodokse profilar å oppleve. Bli med inn i gruppe A.

1. Rett å slett Dyr

Påmelde spelarar: Christer Adrian Mork, Preben Nedrelid, Ruben-Kenneth Brandal, Oskar Gunnarstein, Christian Perdomo Mork, Thomas Lid Kleppe, Ørjan Engen Grimstad, Nikolay Sundgot, Benjamin Slettebakk, Daniel "Mykje sveis" Reite. Ansvarleg: CA Mork

Om laget: Under namnet "Murhusfest" var dette dei store favorittane i fjor. Men alt i kvartfinalen gjekk det skeis, mot dei tapande finalistane ved Aadland, Mork x 2, Pilskog x 2 og Co. Ei utvising av CA Mork forklarte noko, men ikkje alt. Om denne gjengen hadde press på seg i fjor, er det endå større i år. Laget har fire av årets Hødd-spelarar som vann NM; CP Mork, Grimstad, Brandal og Kleppe. I tillegg har dei årets toppscorar på Hareidlandet; CA Mork, og innespesialistane D. Reite (i mål) og Sundgot. Gunnarstein, Slettebakk og Nedrelid kan også sin fotball, så dette er eit lag nesten utan svakheiter. Defensivt bør dei framstå pottetette. Kleppe er roleg som få med ballen, og gjer knappast feil. Grimstad spring opp det som er. Gunnarstein er som ein vegg, og skyt som ein hest. På sidene er Brandal og Sundgot gode både framover og bakover, og CA Mork er ein soleklar toppscorarkandidat i denne turneringa. Så kva skal til for at dette laget skal feile? Tja, utover i turneringa kan jo alt skje. Det såg vi i fjor. Det finst andre solide lag i denne turneringa også. Vi sjå kor dyriske Rett å slett Dyr blir dag to. Men gruppe A bør dyra ha full kontroll på.

Profilen: Av mange; CA Mork. Ikkje fordi han bøtta inn mål i 6.-divisjon og delvis i 3.-divisjon gjennom ein sesong han eigentleg skulle ha vore i Afghanistan. Men fordi han melde forfall til alle a-lagets 13 seriekampar i haust, men enda opp med å spele 12 av dei. Ei avgjersle blir som regel best når ein får tenkt seg litt om.

2. Hus

Påmelde spelarar: Stian Berge Myrene, Andreas Rise, Kjell Roger Skarshaug, Kim-Tore Husøy, Svein Inge Nesset, Ola Marius Grønmyr Rise, Bjørn Vegard Bjåstad, Joachim Martin Moldskred, John André Bjåstad, Gunnar Johann Ringstad. Ansvarleg: Ringstad

Om laget: Har meldt på akkurat dei same 10 spelarane dei alltid har hatt. "Hus" kjem av dei sosiale samlingane i kjellaren til Harry Inge "HIM" Myrene på Ytre-Hareid nokre år tilbake. Huset er selt for lengst, men vennegjengen består godt. Ein kan gjerne seie at Hus ikkje hadde det aller vanskelegaste kampprogrammet i fjor, men ingen skal ta frå dei 4.-plassen etter ei solid turnering. Det var så vidt kreftene bar på slutten av dag to. Kimmen vart skadd etter to minutt av første kamp dag éin, og fleire skadar følgde etter kvart. Stian Myrene vart nytta som utespelar i fleire av kampane. Det bur mykje fotball i Hus, og dei har fleire matchvinnarar på laget. Skal vi ta frå dei noko må det vere at ein del av karane har vore i betre fysisk form tidlegare enn no, og at andre av dei andre sentrale spelarane passar betre på ei 11-ar-bane enn på 20 x 40 meter. Fjorårets Grendacup-toppscorar Gunnar Johann Ringstad ser derimot ut til å bli betre og betre innandørs med åra, og har det som skal til for å score over 10 mål også i år. Men skal Hus vinne denne gruppa må dei ha flyt og marginar mot Rett å slett Dyr. Andreplassen bør uansett vere trygg.

Profilen: Stian Berge Myrene, son til HIM, er ikkje så ofte å sjå på Hareid lenger. Dette fordi han har gjort stor karriere i leiketøysbransjen i Oslo. Dessverre for Stian er det ikkje Ringo-ballar han skal fange i Hareidhallen denne romjula. Men SBM har overraska før han. Som då han vart vraka som førstekeeper på Hus i fjor og svara med å bli ein målfarleg spiss for same lag - ikledd pysjbukse og Middlesbrough-drakt.

3. Alipoor & Khawari Football Academy

Påmelde spelarar: Ali Khawari, Reza Khawari, Khalil Abouzari, Mojtaba Sarvari, Hadi Jafari, Honar Alipoor, Omed Alipoor, Hazhir Alipoor, Hiwa Alipoor. Ansvarleg: Hazhir

Om laget: Ja, kva skal ein seie om denne forsamlinga. Fire brør Alipoor på same lag. Det må vel vere ny Grendacup-rekord vil vi tru. I fjor hadde dei tre, men no er også Hazhir blitt gammal nok. Når det gjeld Khalil og Mojtaba veit vi rett og slett ikkje kven dei er, men Alipoor- og Khawari-gjengane kjenner vi godt. Skal dette laget nå eit stykke må Ali levere i mål, og det trur vi kan fort kan gjere. Ali har levert varene i futsal-KM for senior og junior denne hausten. Offensivt må Hiwa levere varene. Han har hatt ein god sesong med mange mål for HIL 2 og nokre velfortente innhopp på a-laget, så det kan han fort gjere. Resten av akademiet må mure igjen bak. Tilsvarande lag nådde 1/8-finalen i forfjor og var svært nære avansement i fjor. Vi trur fort dette kan vere eit 1/8-finale-lag også i år. Då må dei slå Krædene, eit lag som truleg er om lag nokså jamgode med akademiet. For oss ser det heilt ope ut kven som tek 3.-plassen i denne gruppa, men vi ser for oss at dette laget kanskje er litt meir pågåande enn Krædene, om enn ikkje like rutinerte.

Profilen: Det er sjølvsagt Ali Khawari. Vi skal vere forsiktige med å spreie originale haldningar i ein mediekanal som denne, men akkurat ved dette høvet må vi gjere eit unntak. Ali rullar rullings fortare enn ein 60-åring som har rulla i 50 år (Ali er 19 år). Før ein juniorkamp på Hareidsmyrane stadion var han plutseleg vekke, og trenarane måtte i hui og hast få ein annan person til å stå i mål. Men akkurat då dommaren skulle blåse i gang kampen sprang plutseleg Ali inn på bana og rett i mål. Kvar hadde han vore? Jau, han stod borte ved kiosken og røykte rullings. Det var også det han hadde vore gjennom av oppvarming. Ali vart forresten kåra til banens bestemann (om ikkje historia vart avslutta slik passa det i alle fall best slik).

4. Krædene

Påmelde spelarar: Frank Robert Moldskred, Robert Flø, Ørjan Yri, Christian Åsmo, Peter Andreas Brandal, Kim Lillebø, Raymond Abeltun, Hallgeir Barstad, Håkon Elias Frøysa Hansen. Ansvarleg: Åsmo

Om laget: På det jamne, som vanleg? Ser ut til å vere dei vanlege krædene, sånn ca. Men vi saknar Karl Johan Fjelle i mål. Og kven skal stå i mål av dei påmelde spelarane (Robert er sonen til keeper-Lasse skal vite)? Eller blir det ein som ikkje er meldt på enno? Raymond Abeltun frå Tjørvåg ser ut til å vere ei forsterking som utespelar, men felles for han og fleire andre her er at dei har vore betre før. Enkelte her er å sjå i Hareidhallen titt og ofte, men ikkje alle. Vi saknar ein målscorar. Om då ikkje Håkon Elias har prikka inn juleforma. Det kjedelege og stuereine hadde vore å tippa Krædene på 3.-plass i denne gruppa. Dette laget har til saman mykje meir fartstid både sånn og slik enn akademiet. Men Krædene har ikkje Hiwa og Ali. Vi trur det kan bli nærmast dødt løp om 3.-plassen.

Profilen: I mange år hadde Bergsøy sin eigen Fotball-Frank, medan Hareid hadde ingen. Det var før Frank Robert Moldskred knytte på seg skorne igjen tre-fire år tilbake i tid. Hareids Frank fekk smaken på det, og har etter den tid 100 % oppmøte på alle innetreningar i Hareidhallen i regi Brandal IL, Hareid IL og Hjørungavåg IL. Sikre kjelder vil også ha det til at Fotball-Frank har trena med både Haddal IL, Flø IL, Hasundot IL og bedriftslaget til fagskulen i Ålesund i løpet av det siste året. Var det nokon som kalla Kaffi klubbhore?

NB. Dei to beste laga i gruppa går vidare. Lag tre går vidare om dei blir av dei fire beste trearane (av seks).

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar