20.12. Under lupa, gruppe D: Kan verdilause menn funke?

VERDIL_SE_MENN.JPG

I gruppe D kan faktisk alle slå alle. Men ein fersk norgesmeister skal og bør slå spelarar som kallar seg verdilause! Kanskje dei meiner verdilause på overgangsmarknaden. Kva veit vi. Vi håper dei ikkje føler seg så langt nede som i Jokke-songen.

1. Deadwood

Spelarar: Kristian Angelsen, Dag Gøran Brandal, Peter Paus, Alexander Paus, Espen Standal, Havtor Hofset Skeide, Steffen Uldbæk, Øystein Vik Myklebust. Ansvarleg: A. Paus

Om laget: Det gjekk ikkje vegen for Deadwood i fjor. Dei klarte ikkje å mobilisere til åttandedelsfinalen, og rauk då ut. Årets lag er om lag det same, pluss Hødd-spissen Espen Standal. Han blir ei kraftig forsterking og meir eller mindre grunnen til at vi føler oss sikre på Deadwood-siger i denne gruppa. Verken Angelsen, Brandal, Paus x 2 eller Uldbæk var aktive i 2012. Myklebust stod eit par kampar for Hødd 2. Men desse karane har spelt mykje fotball tidlegare, og fleire av dei har trena bra sjølv om dei ikkje har spelt kampar. Ein femmar med Myklebust, Skeide (Herd), Brandal, Uldbæk og Standal skal halde kvartfinalenivå. Paus-karane står for viktig rutine. Peter har jo alltid scora mange mål, og bør kunne putte nokre når Standal eventuelt sit på benken. Vi får sjå kor langt dette kan halde dag to, men dette skal vere det beste laget i gruppe D.

Profilen: Alexander Paus. Mannen som alltid trenar med shorts utandørs i januar, men aldri frys. Mannen som har 18-19 grunnfag han underviser i på UVS. Mannen som alltid får gult kort, men aldri raudt. Mannen som aldri slår ei feilpasning, men heller aldri slår ei pasning dersom han ser at ho kan bli slått feil. Kalkulert risiko, sa du?

2. Dr. Snipsøyr

Spelarar: Nicolai Øyehol, Robin "Bob" Indreflø, Marius "TheMathia" Hareide, Patrick Undli, Robin Olsen, Kevin Seljeseth, Egzon Abazi, Fredrik Abrahamsen, Benjamin Reite, Marius Slettebakk, Magnus Snipsøyr (manager). Ansvarleg: Seljeseth

Om laget: Om lag den same gjengen som spelte Dr. Snipsøyr fram til kvartfinalen i fjor. Vi merkar oss at doktor Snipsøyr skal styre showet frå benken i år, medan Marius Slettebakk står over turneringa med lysketrøbbel (seier han sjølv). Nye spelarar er Robin Olsen (ex. Hødd junior), Egzon Abazi (ex. Hødd junior, Hasundgot) og Fredrik Abrahamsen (ex. krinslagsspelar frå Hareid). Vi reknar med at Nico Øyehol skal stå i mål. Der er han slett ikkje verst, sjølv om den tidlegare juniorbacken frå Hareid dei siste åra har gjort det skarpare i kampsport enn i ballspel. Bob Indreflø og Patrick Undli skal vere kapable til å score måla som trengst for å gå vidare, medan Egzon og Benny Reite murar igjen bak. Alt i alt er dette eit heilt OK lag og vel så det, men felles for mange av desse er at dei har vore betre tidlegare enn dei er no. I 2006 var det speidarar på plass på Hareid stadion for å sjå Frefa Abrahamsen i aksjon under ein juniorkamp. Formålet var å sjå om han kunne vere aktuell for G16-landslaget. Med all respekt for Frefa er han neppe like landslagsaktuell no. Men alt i alt skal det vere nok fotball i dette laget til å klare avansement.

Profilen: Ærast han som ærast skal. For femte år på rad var Marius Mathia Hareide tidegast ute med å etterlyse EOTs Grendacup-vurderingar. I år var han faktisk den einaste som etterlyste vurderingane i det heile. Vi hadde aldri orka å bruke tid på dette om det ikkje var på dei mange gode tilbakemeldingane frå den utflytta hareidsdølen som no sel bilar i Oslo. Eller det hadde vi forresten.

3. Where’s Fredrik?

Spelarar: Aksel Bakken, Alex Podd Indreflø, Mix Haanes, Ådne Andersen, Waldo, Tore Ranta, Lars Mork, Marton Muren, Kjetil Knotten, Peder Alme. Ansvarleg: Bakken

Om laget: I fjor var det Waldo dei etterlyste. I år er det Fredrik Aursnes, som spelte på dette laget i fjor. Svaret på gåta er at Fredrik har laga sitt eige lag; Familieselskap. At han ikkje er med svekkar sjølvsagt dette laget. Men dei har mykje kvalitet att. Mikke ”Mix” Haanes er ein kanonspelar, også innandørs. Kjetil Knotten har spelt ein del for Hødd 2 i år. Med unntak av Tore Ranta og Lars Mork har resten spelt på Hareid sitt juniorlag. Dette laget rauk ut i åttandedelsfinalen i fjor. Vi tippar det blir noko likande i år. Vil kjempe om 2.-plassen med Dr. Snipsøyr. Skal vere eit betre lag enn Verdilause menn, sjølv om sistenemnde lag har overraska før.

Profilen: Vanskeleg å komme utanom Tore Rantapelkonen her. Synd at det ser ut som Peder Alme skal stå i mål på dette laget, for det er alltid eit syn å sjå Ranta som keeper på Grendacupen – med ein hjelm så tjukk at han kan overleve alt frå snøskred til Maja-kalenderens endetid. Utandørs har Ranta som oftast figurert som spiss, seinast på HIL 2 i år. Men vi hugsar han best for det vakre brassesparket frå distanse mot Haddal i 2009. Og i mindre grad for at han bomma åleine på vidope mål to og eit halvt minutt seinare i same kamp.

4. Verdilause menn

Spelarar: Arthur Hjørungdal, Vegard Øvrelid, Gunnar Stein Hareide, Ronald Øvrelid, Peter Hareide, Gunnar Nordli, Robin Halsebakk, Steffen Hareide. Ansvarleg: Peter

Om laget: Øvrelid/Hareide-klanen har med åra blitt eit fast og artig Grendacup-innslag. Og laget har det med å gjere tips som dette til skamme. I 2009 nådde dei semifinalen, og i 2010 kvartfinalen. Ikkje verst for lag med tilnærma null aktive spelarar då som no. Spelar for spelar meiner vi likevel at Verdilause menn er det svakaste laget i gruppa. Den unge trioen Hareide junior-Nordli-Halsebakk dreg lasset. Dette er gode spelarar. Resten av gjengen står for rutinen. Gunnar Stein ”Rens” Hareide er turneringas eldste spelar, medan keeper Hjørungdal er nest eldst. Søskenbarna Ronald og Vegard ligg i mellomsjiktet. Og til slutt er Steffen Hareide påmeld, sonen til gamle-oppmann Sindre. Vi gir 4.-plassen til Verdilause menn, men overrask oss gjerne igjen!

Profilen: Ei god historie kan aldri bli repetert for ofte. Ei heller i denne spalta. Vi dreg fram dette frå arkivet:

Det var i 1978 at Gunnar Hareide fekk tilnamnet Rensenbrinck. Gunnar var eigentleg midtstoppar, men i ein kamp mot Skodje var det behov for ein spiss. Vi siterer frå magasinet Hareidfotball 1990: "Tapet hadde sett Hareid i ein lite gunstig tabellsituajson. Og sesongen såg på ny ut til å kunne bli ein strid om å unngå degradering. Men i neste runde vart det 3-2-siger over Skodje på Skodje og 2 pinnar. Hareid låg over 3-1 og såg ut til å ha full kontroll. Men etter redusering 2-3 vart det panikk i Hareidsleiren. Det var i denne kampen Gunnar Hareide fekk tilnamnet "Rensenbrinck" etter den hollandske VM-spelaren. Han vikarierte som spiss på Hareidslaget og scora to raske mål i 1. omgang. Skodje reduserte før pause, men i 2. omgang fekk Leiv Arne Grimstad ein stikkball frå Odd Elvanes og lobba inn 3-1. Øystein Alme og Jon Olav Slettebakk blir framheva på Hareidslaget - og reportaren i Vestposten reknar med at Gunnar Hareide får ny tillit som spiss i neste kamp mot Spjelkavik. Men det er vanskeleg å kopiere ein suksess. Gunnar var ingen "Rensenbrinck" i sin andre kamp som spiss for Hareid. Han blir sett ut ved pause".

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar