23.12. Rankinga

Tradisjonen tru har vi laga ei uformell ranking for herreklassen. Rankinga tek ikkje omsyn til kven som møter kven i gruppespelet, kven som ligg an til å møte kven i sluttspelet etc. Rakninga er både basert på tidlegare merittar, påmelde spelarar og magekjensle.

Laga som kan vinne turneringa:

1. Rett å slett Dyr

Har fire ferske norgesmeistrar og elles kvalitet over heile linja. Ein av dei største Grendacup-favorittane på mange år, om ikkje den største gjennom tidene.

2. Bra cup

Det same laget som vann turneringa i fjor. Men Rett å slett Dyr kan vel ikkje feile ein gong til?

3. Alegria do Povo»

Teknisk og rutinert lag med to finaletap bak seg.  Vil kjempe i toppen også i år.

4. Holemix

Også i sitt tiande strake år er Holemix å rekne med. Har ein fersk norgesmeister (U16) i mål, og elles om lag den same Hole-gjenge + to nye ungdommar.

5. Inceptionistas

Rutinert lag med god keeper, dei to mestscorande spelarane i turneringas historie og god breidde.

6. Familieselskap

Har tre ferske norgesmeistrar på laget. Men kanskje litt tynn tropp?

7. Sacra Corona Unita

Eit lag med god breidde, men med få klare førsteval sett vekk frå Paulsen?

8. Deadwood

Jamt godt lag som kan nå svært langt om Espen Standal leverer varene på topp.

Semifinalekandidatar:

9. Hus

10. Kim Jong-IL

11. StressLess

Kan nå langt:

12. Dr. Snipsøyr

13. Barbarians

14. Tam IL

15. Ho stoppakje å dryppe

16. Hoftun IL

Outsiderar:

17. Where’s Fredrik?

18. Bandidos

19. Verdilause menn

20. Norsk + Venthan

21. Alipoor & Khawari Football Academy

22. Krædene

23. Bizim Takim

24. Torstein og Co.

25. Fjern den pilsen 

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar