14.12. Informasjonsskriv

Skrivet vi legg ved her er ein mail som er sendt ut til alle lagleiarar. Har du ein mistanke om at in lagleiar ikkje er så ofte på mail, be vedkommande lese dette.

Kjære godtfolk

De får denne mailen fordi de er sett opp som kontaktpersonar på ulike Grendacup-lag, eventuelt er med i styret eller har ei anna viktig rolle.
 
Etter litt prøving og feiling har vi endeleg komme i mål med eit kampoppsett. Det finn du her: http://mylivescore.no/Livescore?tid=MwA0ADUANAAwADEAIwA%3D
 
Vi har med heile 42 lag i år (pluss to "jubileumslag" dag 2), så det har vore svært utfordrande å lande eit oppsett som kan gjere flest mogleg til lags.
 
(Samtidig er det svært gledeleg at vi har med så mange lag. Det er ikkje meir enn to år sidan vi hadde 28 lag totalt og lurte på om vi måtte legge ned både dame- og ungdomsklassane. No har vi den desidert største turneringa av vårt slag i Norge, så vidt vi har oversikt over).
 
Men vi har gjort vårt beste. Alle laga får spele minst 32 minutt første dagen (og max 40, avhengig av kor mange lag det er i gruppa), noko som var ei målsetjing. Det blir fotball frå 08.04 til 22.30 28. desember om alt går etter planen. 
 
VIKTIG:
For å få endane til å møtest har vi laga eit svært stramt oppsett utan rom for forseinkingar. Det er berre to minutt pause mellom kvar kamp (mot tre og fem tidlegare).
Det betyr at ditt lag til ei kvar tid må vere klare til å starte kampen fem minutt før han er oppsett, i tilfelle vi ligg bra an i løypa og kan kjøpe oss litt tid. Hald dykk orienterte om kor lenge det er att av kampen i førevegen ved å kike på resultattavla. (Oppvarming skjer bak det sørlege målet).
Det blir ikkje aktuelt å utsetje kampar fordi eitt eller begge laga ikkje har alle spelarane sine på plass. Det er lagleiarane sitt ansvar å sørgje for at alle møter til rett tid.
 
Vi minner også om andre viktige punkt:
* Endeleg registering av spelarar, samt betaling, skal skje i sekretariatet seinast 35 minutt før lagets første kamp. Når det gjeld laga som spelar sin første kamp før klokka 09.00 28. desember er vi litt snillare; 20 minutt. Hallen opnar seinast klokka 07.40. 
* Som det står i reglane kostar det 100 kroner per person å delta. Vi jobbar med å skaffe ein bankterminal til å ha i sekretariatet, men vi kan ikkje garantere at vi får det på plass, så ta med kontantar. Dersom laget til dømes har med sju spelarar 28. desember, og tek med ein åttande dagen etter, må de melde på vedkommande og ta med 100 kroner til sekretariatet.
* Når det gjeld ungdomsklassen og herreklassen, så går beste toar (U) og fire beste trearane (H) vidare. Det betyr at dei laga som hamnar på desse plasseringane må følgje med utover dagen for å vite om dei skal spele også 29. desember. Har ikkje ditt lag høve til å ha folk i hallen, eller har høve til å sjekke Mylivescore, så ring sekretariatet.
 
Elles er det berre å følgje med på grendacupen.hareidil.no for meir informasjon.
 
Til slutt:
Grendacup-styret er svært nøgde med responsen på turneringa vår i år, og kjem til å gjere vårt aller beste for at alle laga skal få ei så god oppleving som mogleg i Hareidhallen 28. og 29. desember. Vi ønskjer dykk ei god førjul, ei god jul og ei veldig god romjul.
 
Snakkast i Hareidhallen klokka 07.40 28. desember.
 
For Grendacup-styret;
Einar Orten Trovåg, sekretær/påmeldingsansvarleg
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar