22.12. Under lupa, gruppe E: Kan Tam IL dominere i bra cup?

GRUPPE_E.JPG

Gruppe E inkluderer eit lag der Grendacupens to mestscorande spelarar skal kjempe om den same spissplassen, eit lag som vann i fjor, eit Tam IL-lag utan tamilar, og eit lag med både nordmenn og tamilar.

1. Inceptionistas

Spelarar: Sander Håskjold Nyland, Are Olav Riise, Kenneth Moldskred, Johannes Christian Riise, Cato Hansrud, Marius Rise, Mads André Værnes, Morten Moldskred, André Skotheim, Harald Åsland Riise. Ansvarleg: Are

Om laget: Kenneth Moldskred, André Skotheim og Johs Riise vann Grendacupen i 1996 og 1999. Det begynner å bli lenge sidan. Etter nokre OK år tok denne gjengen pause i fjor, men er no tilbake med eit lag som faktisk kan gå svært langt i denne turneringa. Skotty skal framleis halde eit bra nivå, men kven skal spele spiss av han og Morten Moldskred? Eller har 47 år gamle Harald Åsland Riise framleis førsterett på den plassen? Bakover skal Marius Rise og Mads André Værnes rydde vekk det meste. Det har vore usikkert kven av Nyland-karane som skal stå i mål. Det kan bli Ørjan, men det er Sander som er påmeldt. Så keeperplassen skal uansett ikkje vere noko problem her. Breidda i laget er bra, sjølv om ikkje alle er unge og aktive lenger. Inceptionistas kan gå langt i denne turneringa, og møtet med Bra cup blir truleg den mest sette kampen i Hareidhallen 28. desember. Når vi gir Inceptionistas 1.-plassen i gruppa er det først og fremst fordi Bra cup ikkje har med "vanleg" keeper dag éin.

Profilen: Vi såg Åsland-Rylen i aksjon under ein sponsorcup i Ulsmohallen ei tid tilbake. Det er godt å sjå at enkelte ting aldri forandrar seg. Som at Åsland framleis er ein slu rev som tek absolutt alle verkemiddel i bruk for å få frispark eller straffe - eller å få tida til å gå. Ingen gløymer vel Grendacup-finalen i 2008, då han heiv ballen opp på tribunen og lata som at han ikkje fann han att for å spare tid på tampen. Åsland-Rylen vart utvist, men Kæm lede? med Nupen, Pers og Kimmen på laget slo Holemix og ein lite happy Stig Engen 3-2. 

2. Bra cup 

Spelarar: Kim René Vågeskar, Espen Beiermann, Roy Inge Brandal, André Egset Nupen, Steinar Egset Nupen, Tore Johan Ytre-Hauge, Per Ståle Nykrem, Daniel Sandvik, Tommy Tusj Torsvik, Stig Haugland. Ansvarleg: Espen

Om laget: Alle barrierar vart brotne i fjor. Ikkje at André Egset Nupen vann Grendacupen for sjette gong, eller broren Steinar for femte gong. Meir spesielt var det at Tommy Tusj og Stig Haugland vann cupen for aller første gong, på deira 18. forsøk (av 18 moglege). Derfor: Bra cup har ingenting å bevise. Dei har meldt på akkurat dei same ti spelarane som vann turneringa i fjor etter at Pers Nykrem vart den store finalehelten. Pers må levere varene på topp også i år om Bra cup skal forsvare gullet. Bakover er laget botnsolid. Espen Beiermann er turneringas beste spelar til å roe ned tempoet i ein kamp når det trengst, og å ikkje gjere dumme val når det gjeld som mest. André treng vi ikkje skrive meir om, sidan han har vunne turneringa seks gonger. Roy Inge "Skjora" Brandal er som ein vegg. Dag to kjem Kim René Vågeskar og står i mål. Det er også grunnen til at vi tippar dei regjerande meistrane på 2.-plass i gruppa. For når to gode lag møtest så er det livsviktig å ha ein god keeper. Ein utespelar med keeperhanskar blir som regel aldri det same (med mindre det er Kimmen). 

Profilen: Per Ståle "Pers" Nykrem. Forklaring skulle vere unødvendig, i alle fall for dei som hugsar sigersdansane hans frå 2008 og 2011. 

3. Tam IL

Spelarar: Thor Erik Andersen, Anders Eidsvik, Aslak Vikebakk, Olav Haug Vikebakk, Jan Endre Rise, Stian Garnes, Arne Gunnar Nesset, Ole André Kragset. Ansvarlege: Anders og Bjørn Vegard

Om laget: Tam IL-ane er eit tradisjonsrikt Grendacup-lag. Dei er vel med på fjerde året no. Det var berre så vidt det var lagt i år, sidan Anders og BV aldri fann ut kven av dei to som skulle samle troppane. Men i siste liten vart det tatt nokre telefonar som gav grunnlag for å stille lag. Om det blir akkurat spelarane lista opp over her som skal representere Tam IL i romjula er ikkje heilt sikkert, men viktige brikker som Andersen, A. Vikebakk og Kragset er i alle fall på plass. Tam IL har overraska oss før, og gjer det fort igjen. Det bur mykje fotball i desse kroppane. Men gruppe E er tøff, og Tam IL må overraske om dei skal ende på topp to.

Profilen: Å skifte keeper undervegs i ein fotballkamp er eit kapittel som har fått for lite plass i norsk fotballhistorie. Kan det lønne seg å skifte keeper undervegs i ein kamp? Og kven har sagt at det ikkje kan vere slitsamt å stå i mål? I 2009 var Thor Erik Andersen keeper på Haddal-keeper i ein 5.-divisjonskamp mot Hareid 2. Haddal hadde ikkje all verda til lag denne sesongen, medan HIL 2 leia serien etter vårsesongen. Om lag eit kvarter ut i 2. omgang leia Hareid ca. 13-0. Haddal hadde éin innbytar til denne kampen, men valde å ta keeperen Thor Erik av bana. Han hadde rett og slett ikkje krefter til å spele meir. Forsvaret skal likevel takke Thor Erik for at Hareid ikkje vann med 30 mål denne kampen. Siffera vart 19-1. 

4. Norsk + Venthan

Spelarar: Eirik Riise, Stian Brandal, Fredrik Andresen, Tormod Sykkelsett (Liaset), Andreas Fure, Joachim Pedersen, Kajan Anton, Thanusan Tharumalingam, Venthan Ketheeswaran, Joe Kijjarak. Ansvarleg: Stian Brandal

Om laget: Lagnamnet spelar på samspelet mellom nordmenn og Venthan. Vi synest det er vel så interessant at dette er karar som meir eller mindre heng nede på Aktivsenteret (Tarzansenteret) dagleg. Om dei trenar der veit vi ikkje så mykje om. Men dei er der nede i alle fall - og legg kontinuerleg ut bilete på Instragram der vi kan sjå kor skremmande lite bicepsane deira har vakse frå dag til dag. Reint sportsleg har fleire av spelarane på Norsk + Venthan spelt på juniorlaget til Hareid i år. Fredrik, Venthan og Thanusan har også spelt på a-laget. Kajan Anton er eller har vore ein spretten Hjørby-keeper, medan Joe Kijjarak er spiss på Haddal. Norsk + Venthan skal kunne klare seg heiderleg i Grendacupen, men har hamna i ei vanskeleg pulje. Og trass i store Tarzan-musklar har Tam IL meir rutine (forresten nokon som ser det ironiske i at Tam IL skal møte Norsk + Venthan?).

Profilen: Det låg lenge i korta at Thanusan Tharumalingam skulle bli den første tamilen som fekk spele a-lagsfotball for Hareid. Thanusan hadde vore unytta reserve tre-fire kampar og trena jamt med laget. Men ikkje sommaren 2012. Då la Venthan Ketheeswaran inn ein offensiv, og fekk kome inn som innbytar i ein treningskamp mot ÅVK. Dermed vart det bilete i avisa og auka popularitet.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar