18.12. Under lupa, gruppe C:
"We are the people your parents warned you about"

Lovlause motorsyklistar, ein god porsjon kommunisme, Erik Hoftun og Grendacupens mest tradisjonsrike lag (av dei nolevande) er noko av det gruppe C kan tilby.
Lovlause motorsyklistar, ein god porsjon kommunisme, Erik Hoftun og Grendacupens mest tradisjonsrike lag (av dei nolevande) er noko av det gruppe C kan tilby.

Holemix har gull, sølv og bronse frå tidlegare. Hoftun IL har rutine. Bandidos har mopedar. Og Kim Jong-IL har om ikkje anna eit artig lagnamn. Bli med inn i gruppe C.

1. Holemix

Påmelde spelarar: Mathias Holstad, Svenn-Erik Holstad Warholm, Lars Roar Holstad, Andreas Sæther, Nils-Erik Holstad Engen, Eiliv-Tore Howlid, Joar Holstad Møller, Hallvar Holstad Møller, Odd Sverre Møller Urke, Magnus Holstad, Tommy Walaunet, Stig A. Engen (manager). Ansvarleg: Mathias

Om laget: Holemix stiller lag for 10. året på rad. Applaus! I løpet av desse åra har laget tatt gull (2006), 2008 (sølv) og bronse (2011). Formkurva har kanskje ikkje alltid gått oppover, men bronsemedaljen i fjor viser at dette framleis er eit lag å rekne med. Og no har ei til og med begynt å rekruttere ungt, i form av Mathias og Nils-Erik. Dessverre ser det ut som at pappa Stig må stå over i år, og vi kjenner ikkje til kven som skal stå i mål. Resten av laget er om lag det same som tidlegare. Det vil seie defensiv tryggheit med Møller-karane og Svenn-O, samt målfarlege Lars Roar oppe. Ikkje godt å seie om Eiliv har tenkt å spele i år, men breidda i laget ser uansett ut til å vere bra. Vi ser ikkje vekk frå at Kim Jong-IL kan ta Holemix i ein enkeltkamp, men totalt sett skal holingane vere best i denne gruppa.

Profilen: Svenn-Erik Warholm står framleis att som den i Grendacup-historia som har gått ut med grovast feilinformasjon i forkant av turneringa. Året var 2006, og ”Svenn-O” hadde dei føregåande Grendacupane spelt saman med Ola Marius Rise og den gjengen der. Det var det også meininga at han skulle gjere i 2006, men ikkje lenge før jul måtte Svenn-O melde pass til det laget. Han følte seg altfor skadeplaga til å kunne gjere ein godkjent figur og ville heller spele på eit mindre satsande lag saman med ein onkel av seg. No viste det seg at denne onkelen var Magnus Holstad, og at Svenn-O spelte omtrent alle minutta under Grendacupen. Som då Holemix slo nettopp Ola Marius Rise og Co. i finalen…

2. Kim Jong-IL

Påmelde spelarar: Vegard Karlsen, Jørund Widnes Johansen, Martin Haanes, Henrik Grimstad, Tore Bjørge Mjønes, Sondre Åkervik. Ansvarleg: Jørund

Om laget: Grendacupen slår mange rekordar i år. Men ikkje i talet på oppfinnsame lagnamn. Derfor er det godt å sjå at denne Bergen-baserte gjengen klarer å finne på noko vi kan trekke på smilebandet av. Her luktar det Sondre Åkervik lang veg (Tek du ikkje poenget, tenk Tam IL). Når det gjeld laget så liknar dette på gjengen Ingar Liaset brukte å samla saman i si tid, men no har Jørund tatt over regien. Martin Haanes er framleis med. Inn kjem mellom anna Hødd-junioren Henrik Grimstad og Grenacup-klubbhora Tore Bjørge Mjønes. Haanes er forresten nybakt norgesmeister med Hødd, noko som har gått oss hus forbi i tidlegare oppteljingar av norgesmeistrar som skal ut på parketten i romjula. Grunnen er nok at han har budd i Bergen ei stund. No er det ikkje alltid slik at studentliv betyr det same som betre fotballspelarar. Men dette er eit godt fotballag og eit potensielt semifinalelag i Grendacupen. Ankepunktet er at dei (per no) berre har seks spelarar. Det kan bli tungt utover dag to. Men i denne gruppa bør Kim Jong-IL minst bli nummer to.

Profilen: Då Pers Nykrem kom inn i Hareidhallen til ei trening sist helg var det første han sa: ”Ken e han der?” Det skulle vise seg å vere ein mann han kjenner godt, og til og med har vunne Grendacupen saman med; Sondre Åkervik. Den tidlegare webjournalisten på Hareid-sida har nemleg latt håret gro, og no ser han meir ut som ein tilfeldig valt hippie enn seg sjølv.

3. Hoftun IL

Påmelde spelarar: Martin Løset, Arild Sundgot, Torgeir Sundgot, Odd Sverre Urke, Arthur Garnes. Ansvarleg: Martin

Om laget: Ikkje lett å spå 3.-plassen i denne gruppa. Hoftun IL og Banidos har meldt på høvesvis fem og seks spelarar, og dei siste rykta vil ha det til at Arild Sundgot truleg ikkje skal spele. Så kven skal då spele på Hoftun IL anna enn dei fire andre som er påmelde her? Ikkje godt for oss å seie, men Martin har vel ein plan. Han har spelt for Bergsøy, Hødd og Brandal, og har sikkert eit breitt kontaktnettverk å hente inn folk frå. Vi ser for oss at dette kan bli eit slags old boys-lag, og rutine slår sjeldan feil innandørs. Både Oddy (som tydelegvis har vraka Holemix, eller omvendt), Martin, Torgeir og Arthur har spelt mykje fotball. Men vi tør ikkje seie mykje meir før vi veit kven dei skal spele saman med.

Profilen: Martin Løset. Landets beste innekeeper, skreiv Leifen i lokalpressa for nokre år sidan. Vel. Martin er god inne, og har stått godt ute også (vann mellom anna 3.-divisjon med Bergsøy). Men grunnen til at blir valt til profilen i denne spalta er sjølvsagt at han ikkje står i keeperdrakt og keeperbukse, men i keeperdress!

4. Bandidos

Påmelde spelarar: Martin Breivik, Ludvig Rasmussen, Chetnarong Haugen, Kristoffer Hasfjord, Runar Stranden, Audun Øvrelid. Ansvarleg: Audun

Om laget: «We are the people your parents warned you about». Vi visste ikkje at den lokale MC-gjengen (les: mopedgjengen) også kallar seg Bandidos, men no veit vi det. Bra dei ikkje kalla seg Hells Angels. Då kunne det ha blitt bråk utanfor Hareidhallen i romjula! Men over til det fotballfaglege: Dette er endå eit usikkerheitsmoment. Talentfulle karar. Ikkje minst Audun og Martin som meir eller mindre spelte fast på a-laget sesongen vi har lagt bak oss. Dei andre var gode gutespelarar på Hareid i år. Minus Runar Stranden frå Åheim. Berre seks spelarar er påmelde. Det betyr at det fort kan kome fleire. Og i dette tilfellet har dei ei utlendingskvote dei kan fylle opp (Hoftun IL kan berre hente hareidsdølar). Vi ser på Bandidos som eit usikkerheitsmoment (i dobbel forstrand). Og ut frå spelarane Hoftun IL og Bandidos har meldt på gir vi Hoftun IL tredjeplassen grunna rutinen deira.

Profilen: Ifølgje Wikipedia har Bandidos 2400 medlemmer verda over. Så at fem ungdommar frå Hareid og éin frå Åheim kjem med der er ein såpass stor prestasjon at vi synest alle seks skal få kalla seg profilar.

 

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar