23.12. Bygdedyret sine Sparebank 1 Grendacupen-vurderingar
god_jul_hareid_il_jpg.jpg

For første gong på ca. ti år blir det ikkje Grendacup-vurderingar a la EOT. Men ein anonym skribent som vil bli kalla "Bygdedyret" har sendt inn ei rangert liste over dei ti beste herrelaga som han/ho meiner er dei største favorittane.

  1. Real Venividivici

Det einaste usikkerheitsmomentet her er kven som skal stå i mål. Med tanke på utespelarar er dette det beste laget på papiret. Både Mork, Rekdal, Heltne og Skeide har spelt 2.-divisjonsfotball i år, for tre forskjellige klubbar. Dessutan er innespesialisten Aadland spelande lagleiar.

  1. Quidd

Laget har skuffa fleire gonger, men var nærare finale enn nokon gong tidlegare i fjor. Grimstad, Brandal, Sundgot, Mork og Alme bør kunne danne ein svært god femmar. Også ein grei benk. Men må finne seg i å bli outsiderar i år.

  1. AOT & EOT årgang 10

Det nest lengstlevande laget i cupen etter Holemix. Øyvind Hagen har tatt over skuta etter AOT (utan mobildekning) og EOT (sjukmeld) og også fått med Henrik Grimstad. Men eit klart minus at verken Paulsen, Helvig eller Rekdal er med her i år. Ny semifinale-exit?

  1. Boiesen

Dette er laget som vann i fjor, minus Nykrem og Sandvik. Har svært mykje rutine, og Melchior vil nok alltids levere i år også, men litt for mange har vore inaktive i år til at det kan bli nytt gull?

  1. Gomerhuset

Var ein soleklar finalekandidat, men så vart det usikkert kor vidt innespesialistane Beite og Høivik frå Skodje (spelar for høvesvis Hødd og Brattvåg) kjem eller ei. Kan bli alt frå finale til exit i 1/8-finalen.

  1. Røyskattane

Kan bli årets overrasking. Laget er forsterka med både Ulrik Wingsternes og Vegard Heltne. Dersom laget får på plass ein keeper kan dei gå heile vegen.

  1. Los Pollos Hermanos II

Wimbledon-gutta likar best å overraske stort utan store namn på papiret. Men med Mork, Alipoor og Olsen på plass får dei større press på seg. Semifinalekandidat.

  1. Skrettinghua

Utan Fredrik Aursnes hadde dette vore eit lag som ville gått ut i 1/8-finalen. Men om Aursnes junior er i form og dei andre leverer sånn noko lunde kan dette bli ein kjempesuksess.

  1. Holemix

Står midt i eit langvarig generasjonsskifte og vi trur det vil gå eit par år til før dei kan nå toppnivået dei hadde for åtte år sidan. Men mykje rutine her, pluss eit par yngre karar med løpskraft. Plusspoeng for å stille for 12. (!) året på rad. 

  1. Dr. Snipsøyr & The Funky Bunch

Mange som var gode for knappe ti år sidan her, pluss eit par som framleis er i bra slag. Det kan for så vidt vere ein god mix, men dette kan bli alt frå 1/8-finale til semifinale.

*

Z melde seg på for seint til å bli vurderte. HUS har ikkje levert inn oppdatert BMI-liste innan fristen og vart heller ikkje vurderte. O2-snapparane hadde for høgt O2-opptak til å bli vurderte i ei jovial romjulsturnering (går rykte om Karsten Warholm som nattcup-toppscorar...?).

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar