19.12. "Bygdedyret" sine semitradisjonelle cup-vurderingar
bygdedyr1.jpg

Heilt frå tidleg på 2000-talet og fram til og med 2013 var "EOT sine Grendacup-vurderingar" ein fast post her på sida eller på Hareid-sida. I fjor var første året på lenge han ikkje skriev vurderingar. Og fjorårets debutantskribent som berre vil kalle seg "Bygdedyret" får fornya tillit i år. Velbekomme.

Bygdedyret sine semitradisjonelle førjulsvurderingar av Sparebank1 Grendacupen (2015)

(Før du les dette (om herreklassen), ver klar over at ein kan gå vidare sjølv om ein blir nummer fire av fire i ei gruppe. Og lag fire i den gruppa med fem lag kan ryke.)

(Og først: Ein kjapp repetisjon av det som skjedde i fjor: «Quidd» med Ruben, Reite, Sundgot, Bromle etc. gjekk endeleg til topps. Og det utan dei store problema. Fredrik Aursnes var enorm på kompislaget «Skrettinghua», noko som heldt til sølv. Overraskande nok gjekk rutinerte «HUS» og endå meir rutinerte «Z» til semifinalen, der dei rett nok fekk bank. «Z» slo forresten ut to av favorittane på veg dit. I år ti av ti vart det tidleg exit for «AOT og EOT årgang 10». Og kanskje endå meir overraskande var det at Z også slo eit lag beståande av Eirik Heltne, Espen Standal, Christian Mork, Ivar A. Aadland, Havtor Skeide, Erdal Aydin +++. Elles var O2-snapparane griseheldige som gjekk vidare frå gruppespelet etter to uavgjorte og to tap, men dei slo ut Arrangørlaget (som hadde vunne si gruppe på imponerande vis) i åttandedelsfinalen. Med andre ord var Sparebank1 Grendacupen ei turnering med ein del overraskingar, og eit par lag som endeleg slo til etter at vi hadde venta på dei lenge. La oss håpe herreklassen blir slik også i 2015.)

Menn, gruppe A:

«Krædene» er tilbake etter eitt års pause. Lufta gjekk litt ut av laget dei siste par åra dei var med. Og det fekk trekninga skulda for. Krædene hamna alltid i ei vanskeleg gruppe, vart det sagt. Men i år trur vi Krædene må skulde på seg sjølve om dei ikkje går vidare som det tredje laget i gruppa.

«7førr Ullensvang» skal ha for eit artig lagnamn og at alle sju på laget har fått eigne kallenamn. Dei har også ein veldig lovande spiss i Isak Kristoffersen, som fekk eit par a-kampar for Hareid vinteren 2014. Men med mindre Krædene får like store komplikasjonar som Ullensvang når dei skal legge til land, så trur vi dessverre for «7førr Ullensvang» sin del at dei ryk ut etter første dag. Merk forresten at Krædene er forsterka med Peter Paus. Han har vunne cupen ei rekkje gonger før.

«Garasjehopp» er det seeda laget i denne pulja, men vi er ikkje heilt sikre på at dei tek gruppesigeren. For «RISK» kan bli årets overrasking i denne turnering. For dei som måtte vere i tvil står RI for Rise og SK for Skeide. Og for å forklare nærare: Harald H. Rise (som i si tid flytta over kulen) og Magnus Rise har ei søster som er gift med Einar Magne Skeide, neste års Hareid-trenar. Einar Magne har to søner som heiter Vebjørn og Torgeir. Harald H. har ein som heiter Bendik og skal vere eit bra talent i Hødd. Og Magnus har ein son som heiter Andreas. Korleis Georg Eikrem Olsen og Jørund W. Johansen kjem inn i denne slekta kan vi derimot ikkje svare på (ring Leifen). Det vi veit er at RISK kanskje har turneringas beste keeper i Vebjørn, som spelte 2.-divisjonsfotball så seint som i vår. Torgeir har vore fast på Hareid i år og vann turneringa saman med «La Cosa Nostra» i 2009. Georg vart toppscorar på Hareid i år – og Jørund brukar jo alltid å vere god inne. Kort oppsummert; dersom ikkje Magnus, Harald H. og Einar Magne får altfor mykje speletid i dei viktige kampane kan dette laget nå veldig langt.

Tilbake til «Garasjehopp». Dei overraska mange i fjor (også «Bygdedyret», som hadde rangert dei som nummer åtte) og tok sølvet. Først og fremst fordi Fredrik Aursnes var eksepsjonelt god. Og for det andre fordi dei fekk med seg Martin Nikolai Longva i siste liten. Og fjorårets beste Hareid-spelar gav laget den nødvendige defensive tryggheita. Laget er omtrent det same som i fjor. Martin har ikkje spelt organisert fotball sidan han gav seg i Hareid i mars/april, men har vel framleis fotball i seg. Kor langt dette laget når i år kjem nok mest an på Fredrik sjølv. Vi trur han er påskrudd frå start av og at «Garasjehopp» tek ein knapp gruppesiger.

Oppsummert: 1. Garasjehopp. 2. RISK. 3. Krædene. 4. 7førr Ullensvang.

Menn, gruppe B:

«Arrangørlaget» har faktisk ikkje gjort det så verst dei siste åra. Nådde kvartfinale i 2013, før dei overraskande rauk ut mot O2-snapparane i 1/8-finalen i fjor (etter å ha vunne ei sterk gruppe i innleiande spel). I år liknar lage meir på «Drammensveien 39», som vann turneringa i 2013. Espen, Nupens, Pers osv. er vel kanskje ikkje oppe på nivået frå 2013, men ein skal aldri undervurdere rutine – som vi såg med «Z», som nådde semfinalen i fjor. Og i snitt var vel dei fleste på Z ti år eldre enn kva Arrangørlaget er i år.

Favorittar i denne gruppa er utvilsamt uansett «Inho’s». Her snakkar vi. Det einaste vi kan trekke laget for er vel eit i overkant ungdomsskule-aktig grep med lagnamnet og kallenamna. I lagoppstillinga finn vi forresten tre norgesmeistrar frå 2012 (Heltne, Standal, Mork), årets spelar i denne turneringa i 2013 (Melchior) og to som har vore sentrale på Hareid i fleire år (Folkestad og Vattøy, Folkestad vann forresten denne cupen med «Camorra» i 2010). Elles går det rykte om at Ivar André Aadland og Sturla Pilskog skal inn på dette laget. Det legg i alle fall ikkje mindrre gull-press på Inho-ane.

Så har vi O2-snapparane. Burde kanskje heitt «Solsteins O2-snapparar»? Uansett. I fjor frykta mange at det ville bli mykje O2 og sol, og lite fotball, på denne gjengen. Men THS sitt mannskap overraska positivt og kom til kvarten. Vi ser at laget er forsterka med fire mann; Gaasø, Bakken, Korsnes og Banne. Men om det har med soling eller O2 å gjere at akkurat desse har kome inn i laget veit vi ikkje. Vi trur uansett Arrangørlaget skal vere skjerpa for å halde O2-snapparane bak seg på tabellen.

Det siste laget i gruppa er «Real Gåsneset». Det einaste vi veit om dei er at dei ikkje har nokon utlendingar på laget.

Oppsummert: 1. Inho’s. 2. Arrangørlaget. 3. O2-snapparane. 4. Real Gåsneset.

Gruppe C, menn:

Ja, tradisjonsrike «HUS» er faktisk seeda i år. Etter nokre treige år slo dei hardt tilbake i fjor og kom til semien. Stian Myrene har fått ein ny vår som Haddal-keeper. Ola Marius Rise har levert nokre scoringar for Svorkmo i 5.-divisjon Trøndelag i år. Og Svein Inge Nesset held seg vel bra i form. Men elles veit vi ikkje kva som kan tale for ny HUS-suksess. Kimmen har vel ikkje spelt ein einaste offisiell kamp for Loket i år, så vidt vi veit.

Så kanskje kan «Holemix» ta førsteplassen i denne gruppa? Dei manglar visst keeper i år, men det einaste laget som har stilt opp kvar romjul samanhengande sidan 2003 har jo framleis mykje kvalitet i laget. Lars Roar hadde ein bra sesong som stoppar på Hareid i år. Og nevøen Simon blir nok berre betre og betre år for år. Elles held vel Møller-karane framleis bra nivå.

Kanskje verken HUS eller Holemix tek gruppesigeren? Hareide-gjengen som no kallar seg «Tyranno-Suarez Rex» (om dei har funne på dette namnet sjølve skal dei ha for det, faktisk) er ikkje eit lag nokon eigentleg vil møte. Dei jobbar og jobbar, taklar og taklar, skyt og skyt (og bommar og bommar, vil kanskje enkelte legge til). Men Arthur har vore toppscorar for Hareid 2 to år på rad, og er farleg nok, sjølv om han ikkje set alle sjansane. Så har vi jo Emil og Kevin som held bra nivå. Og eit par namn vi aldri har høyrt om (er det Emil sine kompisar frå døve-landslaget i futsal)?

Kurt Haddal nærmar seg 50 år, men har han nokon gong vore betre? Vi trur ikkje det. Og Bizim Takim har eit bra lag elles også. Problemet er at denne gruppa ikkje har nokon svake lag. Her manglar det både ein klar favoritt og ein klar dumpekandidat. Og under tvil trur vi Bizim Takim går ut etter dag éin.

Oppsummert: 1. Holemix. 2. Tyranno-Suarez Rex. 3. HUS. 4. Bizim Takim.

Gruppe D, menn:

I fjor lukkast det endeleg for Hareid sine 1990-modellane, då under namnet «Quidd», å vinne cupen. Dei hadde underprestert i så mange år at vi får neste seie at det var på tide. Så spørst det om dei under namnet «Slorpestaurane» kan følgje opp. Det har berre skjedd to gonger på 21 år at same laget har vunne herreklassen i denne cupen to gonger på rad. Vi ser i grunnen ikkje så mange rasjonelle grunnar (kanskje bortsett frå at Daniel Reite truleg er på sjøen, han har blitt bra ute også no) til at ikkje Slorparane skal følgje opp fjorårssuksessen, kanskje bortsett frå nettopp det at det er lettare å vinne for første gong enn for andre.

I denne gruppa får dei nok tøffast konkurranse frå «Vardy Party». Venthan leverer her ei lagoppstilling med litt for ein kvar smak. Alt frå lovdande høddarar (Engen har forresten vore i Brann i haust) til lensmann Kragset og litt snacks frå Hareid 2, pluss Venthan sjølv då – og den lovande spissen Håvard Øvrelid. Nøkkelen her blir å finne ei lagoppstilling som funkar og å klare å vere kyniske. Klarer Vardy-guttene det kan det bli ein lang tysdag i Hareidhallen.

I ei jamn og god gruppe trur vi «X Æra» skal slite med å bli betre enn nummer tre. Men heilt sikre er vi ikkje. Det begynner å bli nokre år sidan Audun Scheide var spiss på Hødd. Og det endå lenger sidan Åsland og Georg Aursnes spelte i 1.-divisjon. Men Henrik Grimstad har rykt opp med Brattvåg. Og Olav Hofset og Bjørnar Sunde Gjerde er gode dei også. Eit outsider-lag.

Og til slutt har vi «Nederlaget», ein bukett lovande spelarar frå Hareid, Hødd og Volda. Langt frå nokon kasteball, men vi mistenker at dei har hamna i ei av dei tøffare gruppene og måndag 28. desember endar med nederlag.

Oppsummert: 1. Slorpestaurane. 2. Vardy Party. 3. X Æra. 4. Nederlaget.

Gruppe E, menn:

Ja tenke seg til at den gamle Z-gjengen er seeda i år. Og til og med tek ny sats under namnet «Ny æra». Der ser vi kor mykje rutine kan bety i innefotball. Så i år tek vi ikkje sjansen på å undervurdere denne gjengen, sjølv om vi trur Robin Shroot held seg like lang unna Hareidhallen som Rob Friend gjorde for 10-12 år sidan. «Ny æra» tek seg nok vidare og vel så det, men dei skal vere nøgde om dei tangerer prestasjonen frå i fjor.

Denne gruppa er for så vidt også heile open, det er vel strengt tatt den opnaste av dei alle. «Ny æra» kan gå til topps. Men det kan like gjerne «Oveide» og «Kvil dej» gjere.

Niko. Røyset og hans gjeng blir bra forsterka av Bergsøy-kompisane Øyvind Hagen og Fredrik Muren. «Kvil dej» kan fort nå ein semifinale. Men die kan også underpresetere og kome skeivt ut i dennr gruppa.

Og kva med «Oveide». Dei stiller omtrent som i fjor. Det vil seie den vanlege Wimbledon-gjengen pluss Vagn, Thoro og Hiwa frå Hareid. I fjor gjekk dei til kvartfinalen der dei tapte knapt mot sølvlaget til Aursnes og Co. Og det blir vel noko sånt i år også.

Dei to siste laga i gruppa skal vi heller ikkje kimse av. «FC Swing swong in» har med mange spelarar frå Hareid 2 og av liknande kvalitet. Dette blir eit seigt lag å skulle slå…

«Miro og Co.» manglar på ingen måte kvalitet. Her er mange unge lovande spelarar, pluss Hasfjord, som kan lage veg i vellinga på topp. Vi trur Alipoorane og Co. blir involvert i mange jamne kampar. Men spørst om ikkje rutinen blir sakna når det dreg seg til. Samtidig trur vi dei fort kunne nådde ein kvartfinale om dei hadde fått ei lettare gruppe innleiande. Så aldri sei aldri…

Oppsummert: 1. Kvil dej. 2. Oveide. 3. Ny æra. 4. FC Swing swong in. 5. Miro og Co.

Til slutt eit forsøk på å rangere dei åtte beste laga i herreklassen (utan å ta omsyn til kven som kan møte kvarandre i åttandedels, kvart etc.):

  1. Inho’s. 2. Slorpestaurane. 3. «Garasjehopp». 4. Vardy Party. 5. RISK. 6. Holemix. 7. Tyranno-Suarez Rex. 8. Arrangørlaget.

Dameklassen:

«Carro e?» (heitte «Alle skal få» i 2009) vann alle utgåvene av cupen frå 2009 og til og med i fjor. Nokre gonger har dei vunne med klar margin, andre gonger etter sudden death. No har visst dette laget tatt seg ein pause. Men «*Navnløs*» må nok sjåast på som eit slags framhald av Carro e? Ikkje mindre enn tre blad Helvig er med her (Martha Helvig har vore med og vunne seks av seks år, saman med Synne Ryan og Mari Vikanes, som ikkje er med i år). Det same med to blad Ervik (som begge har vore med Carro e? fleire gonger) og Andrea Sævik (vore med fem av seks år).

Men kanskje blir dette året der «Prinsessene og erta» endeleg går til topps? Med unntak av 2010 har Ragnhild Ertesvåg og Co. tatt sølv kvart år sidan 2009. Og i fjor hugsar vi det sudden death til for at prinsessene IKKJE skulle ta sitt første gull.

Dei to nemnde laga vart sjølvsagt seeda for sine tidlegare prestasjonar. Men vi slenger også ein annan favoritt opp i bollen. «skikkelig god da» er faktisk skikkeleg gode. Etter det vi veit spelar alle jentene på Hødd sitt damelag, med unntak av Aahjem – som spelar på Fortuna, og Hasund, som spelar på Røa.

Hareid-damene på «Reunited» må nok ha som mål å gå vidare som lag to i si gruppe. Og der er det fleire om beinet. «Mot i brøsta» med fleire tidlegare Hødd-spelarar skal ein ikkje kimse av. «Turid og (gj)engen» må finne seg i å kjempe om Fair play-prisen (som dei vann i 2013), vil vi tru, om ikkje dei med framandlandske namn er betre enn vi trur.

Og kva kan handballdamene på «Team Handball» vise i den andre gruppa, den med tre lag? Vel. Dei er nok ikkje favorittar der. Men om dei skulle tape, så kan dei i alle fall trøyste seg med at tapa blir ein del mindre enn i handballkampane…

Oppsummert: Vi trur «skikkelig god da» slår «*Navnløs*» i finalen og at vi dermed får den første «nye» vinnaren i denne klassen på mange år.

Ungdom gutar:

«Bygdedyret» har begynt å kome opp i åra, og har ikkje lenger den enorma innsikta i ungdomsfotballen. Men Bygdedyret let seg ikkje be to gonger når han får høve til å kome med eit ukvalifisert tips, heller.

Det mest slånde med ungdomsklassen for gutar i år er at «Teletubbies» har ein spelar som heiter Rooney. Det brukte jo tidlegare å vere eit kvalitetsteikn. Men ut frå denne haustsesongen? Tja. Vi vil tru både «Teletubbies» og «Sevi FC» består av gute- og smågutespelarar frå Hødd, medan «The Underdogs», «Georgs dispilar», «Kwazulu Nathan» og «Noobsa frå Hareid» består av spelarar i tilsvarande alder frå Hareid. «Kauleveien 99» består nok av spelarar frå begge sider av Hareidseidet. Av Hareidslaga ser «Kwazulu Nathan» til å vere sterke. Både William Valde Bigset og Håvard Mork Breivik har debutert for a-laget til Hareid. Og her er fleire andre sterke talent også. Så eit litt halv-vilt tips blir at «Kwazulu Nathan» går til finalen og møter «Sevi FC» der.

Ungdom jenter:

Her skal fem lag vere i éi innleiande gruppe før dei fire beste går til semfinalane. Denne klassen eksisterte også i 2012 og 2013, men ikkje i fjor. «Goldplay» vann i 2012. No har vel nokre blitt for gamle til å vere med her. Men dette er kanskje laget med mest rutine, relativt sett? Elles ser det ut som «Hareid spesial» har med mange av Hareid sine lovande J16-jenter. Og «Diosas futbol» ser ut til å bestå av Hødd-jenter. Lagleiar Andrine Nevstad er så vidt vi veit dottera til Mr. Hødd sjølv. Skal vi tippe at Diosas og Goldplay møtest i finalen? Ja.

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar