Dei seeda laga i herreklassen var dei fire semifinalistane (lag 6, lag 11, lag 12 og lag 1) frå i fjor, pluss "Inho`s" (lag 7).
Pulje A: Lag 20, lag 11, lag 9, lag 19.
Pulje B: Lag 2, lag 7, lag 15, lag 21.
Pulje C: Lag 16, lag 6, lag 13, lag 3.
Pulje D: Lag 18, lag 1, lag 8, lag 17.
Pulje E: Lag 12, lag 14, lag 5, lag 4, lag 10.
*
Pulje F er ungdom jenter. Dei er fem lag, så der er det inga seeding eller trekning.
*
Pulje G og H er ungdom gutar. Lag 6 og 7 vart seeda.
Pulje G: Lag 6, lag 5, lag 8 og lag 9.
Pulje H: Lag 7, lag 3, lag 2.
*
Pulje I og J er dameklassen. Lag 3 og 4, finalistar mange år på rad, vart seeda.
Pulje I: Lag 3, lag 5, lag 2, lag 7.
Pulje J: Lag 4, lag 6, lag 1.
*
Speletider:
Alle lag får mellom 36 og 40 minutt speletid i gruppspelet.
I herreklassen er det 13 minutts kampar i dei gruppene med fire lag og 10 minutt i den gruppa med fem lag.
I dameklassen og ungdomsklassen for gutar er det 13 minutts kampar i gruppene med fire lag og 18 minutts kampar i gruppene med tre lag.
I ungdomsklassen for jenter er kampane ti minutt.
Kampoppsett:
Arbeidet med kampoppsettet startar onsdag og blir truleg ferdig torsdag.
Fire lag går vidare i klassane ungdom gutar, ungdom jenter og damer, medan 16 lag går vidare i herreklassen.
Kampoppsettet vil bli lagt ut på Mylivescore.