30.12. Sparebank1 Grendacupen 2016. Ei slags oppsummering.

Oppdaterte statistikkar og slikt kjem seinare i nyttårshelga.

Først dameklassen:

Endeleg gjekk «Nederlaget» heilt til topps. Dei har kalla seg litt forskjellig opp gjennom åra. Men dei har som regel alltid enda på andreplass bak Helvig og Co., som ikkje var med i år. (Fjoråret var eit unntak, då dei rauk ut i semifinalen.) Om vi ikkje tek feil har dei tapt finalen i alle fall fem gonger. At «Nederlaget» skulle vinne i år var det i grunnen liten tvil om. Både «Dei andre» og «Reunited» gjorde for så vidt gode turneringar. Men etter to mål av Thea Vattøy Kristensen og eitt av Ragnhild Ertesvåg vann «Nederlaget» 3-0 mot «Dei andre» i finalen. Kristensen vart toppscorar i denne klassen med åtte mål, medan veteranen Kristin Marø frå «Dei andre» vart kåra til årets spelar. Ho spelte faktisk den aller første utgåva av Grendacupen i 1994, men då saman med gutane (dameklassen vart starta i 1995). 

Ungdomsklassane:

I jenteklassen såg det etter første dagen ut som at «Herdavika» var eit hakk eller to betre enn dei andre laga, med sju poeng og 8-1 i målforskjell. Men i finalen møtte dei Hareid-laget «Five Wise Monkeys», som ikkje hadde gjort det like bra første dagen. Etter ein jamn og tett finale var det dei kloke apene som vann 2-1. Her var det mange framtidige damespelarar i Hareid som fekk vist seg fram. Ei av dei var Shaajeena Jeyathas, som vart kåra til årets spelar i denne klassen.

Blant gutane såg vi tidleg dag éin at «Sunnmøre hybeid» såg ut som eit sterkt lag, medan det elles var fleire jamt gode lag (tre lag med seks poeng første dagen). Det vart tøffare for «Sunnmøre hybeid» andre dagen, men med 2-0 i semien og 2-1 i finalen vann dei til slutt heilt fortent. Dette laget hadde spelarar frå forskjellige plassar på Sunnmøre, men også to frå Hareid (Breivik og Nesset). Beste spelar i denne klassen vart Ola Aga Ljosa frå vinnarlaget.

Vi merkar oss elles at Andreas Grimstad vart toppscorar i ungdomsklassen for gutar. Han scora alle sine åtte mål første dagen.

Herreklassen:

Allereie i åttandedelsfinalane var det fleire av dei venteleg sterkaste laga som rauk ut. Av dei fann vi blant andre Vagn Scheide Morks «Eit sjukt lag» og 2014-vinnarane «JKL». Det sistnemnde laget stilte ikkje like sterkt som dei har gjort tidlegare år. Det gjorde kanskje heller ikkje 2006-vinnarane «Holemix», som også rauk i åttandedelsfinalen.

Med eit lite unntak av at «Hus» slo ut «Eit sjukt lag», kom likevel ikkje dei heilt store bombene denne runden. Nærast ein skrell var «Vi prøva igjen!». Dei skuffa første dagen, men var nær ved å slå ut «Kvælartak» i åttandedelsfinalen. Etter nokre imponerande prestasjonar offensivt og defensivt av keeper (!) Arthur Hareide stod det 4-4 til full tid. I sudden death avgjorde derimot «Kvælartak».

Dette laget nytta Stig Engen i mål i éin av kampane første dagen. Og den veltrena veteranen på 57 år stod også kampane frå kvartfinalen og ut. Og det var frå då av «Kvælartak» vakna for alvor. Dei vann 2-0 mot Fredrik Aursnes og «Les Rimme Rock» i kvarten. Dermed var endå eitt av laga i favorittsjiktet ute.

Det same gjaldt «Amigos de parque». Christian Mork si scoring var den einaste for «Sei du det?» i denne kvartfinalen.

«Kvil dej» spelte i grunnen ei jamt god turnering. Andre dagen var dei forsterka med Franjo Tepuric frå Kroatia. Han spelte ei viktig rolle i 3-2-sigeren mot stirrige «Hus» i kvarten.

Den siste kvartfinalen gjekk mellom to av dei unge gode laga i turneringa: «SLAV» og «Ullared». Begge hadde gjort det godt tidleg i turneringa, sjølv om «Ullared» likevel ikkje hadde med Bendik Rise denne gongen (den nest beste spelaren i turneringa i fjor – etter Hagen?). Og «SLAV» mista Håvard Knudsen Bjåstad etter åttandedelsfinalen, som følgje av skaden vi har vore inne på. Som erstattar henta dei inn Lars Petter Bjørlykke, sikkert kanskje den med best kondis i turneringa. Men han fekk spele heller lite. Like fullt: «SLAV» vann 1-0 etter scoring av Aleksander Rekdal.

I den første semifinalen vart det ikkje uventa jamt mellom fjorårets sølvlag «Kvil dej» og «Sei du det?» - det meir eller mindre reine 93/94-laget + Odd-Magne Brandal i mål. Sistnemnde hadde ei god turnering, men klarte ikkje å hindre at Georg Rise Gaasø scora kampens einaste mål heilt på tampen og sikra ny finaleplass for «Kvil dej».

«Kvælartak» hadde aldri tidlegare kome seg så langt som ein semifinale. Men så hadde det jo også mange spelarar på laget som har tatt store steg siste åra. Ikkje minst var Isak Haanes drivande god gjennom heile dag to. Og Sveinung Tilseth frå Dalsfjorden var også svært viktig. I tillegg til sjølvsagt hareidsdølingane Audun Øvrelid, Martin Mork Breivik og Stig Engen (sonen Nils-Erik spelte ikkje dag to grunna skade). Likevel fekk «Kvælartak» god kamp i semien. Ikkje før i siste minutt ordna Tilseth 3-2 og finaeplass for «Kvælartak».

Som så mange gonger før: Finalen vart ikkje den beste kampen i turneringa. Det vart likevel dramatisk då «Kvil dej» tidleg fekk annullert eit mål. Om det var korrekt eller ikkje veit ikkje vi. Men slik kampen utvikla seg var det vel heilt greitt at «Kvælartak» vann 2-0 etter scoringar av Tilseth og Breivik.

Dermed fekk vi for tredje året på rad eit «nytt» vinnarlag i herreklassen. Men ikkje alle på laget vann for første gong. Evigunge Stig Engen har vunne turneringa fire gonger tidlegare. At Isak Haanes vart kåra til beste spelar var det forresten lite å seie på. Der har Hødd ein spelar som sikkert spelar fast på a-laget deira allereie neste sesong.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar