31.12. Mållistene også oppdatert for herreklassen: Ringstad ny mann på topp 15-lista
Ingen av dei som låg blant dei åtte øvste plassane på mål-adelskalenderen for menn før årets turnering scora denne romjula.
Kim-Tore Husøy, som delte toppscorartittelen med Isak Haanes i år, nytta høvet til å gå opp på sjuandeplass med 71 scoringar totalt.
Elles var det nokre som skifta plass på andre halvdel av topp 15-lista.
Einaste nye mannen på lista er Gunnar Johann Ringstad, som med 61 scoringar no ligg på delt 14.-plass.
To spelarar har forsvunne ut av lista: Even Hansrud og Dag Harald Moldskred. Ingen av desse spelte i år (Moldskred var som vanleg med som dommar).
Nærast å kome med på topp 15-lista av dei som ikkje er med der er André Egset Nupen med 58 mål.
Du finn all statistikken ved å gå til Historikk i menyen til venstre - og deretter til Samandrag.