01.01. Etter Grendacupen 2011: Skotty aukar i tet
Vi har no oppdatert både dei fullstendige målscoraroversiktene for Grendacup gjennom tidene, samt dei tre toppscorarlistene.
Sidan Morten Moldskred ikkje deltok denne romjula, nytta André Skotheim høvet til å auke i tet. No har Skotty 124 nettkjenningar, medan Morten på 2.-plass har 13 færre. Kjenner vi dei begge rett så er det ingen av dei som vil legge opp Grendacup-karrierane sine før dei er heilt sikre på å kunne vere tidenes målscorarar i alle overskodeleg framtid.
Det har elles ikkje komme dei heilt store forandringane på topp 10-lista i herreklassen. Med seks mål denne turneringa klatra Lars Roar Holstad opp frå 6.-plass til 5.-plass med sine no 90 mål. Stian André Slotterøy scora berre eitt i 2011, og fall dermed ned på 6.-plass.
*
I ungdomsklassen har det berre komme ei forandring på topp 10-lista. Det er at Nils-Erik Engen med sine totalt 19 mål kjem inn på ein 6.-plass. Det ser ut som at Christian Mork på toppen av målstatistikken i denne klassen kjem til å stå der svært, svært lenge. Mork har nemleg 66 nettkjenningar i ungdomsklassen.
*
I dameklassen toppar Eva Janne Holstad framleis, sjølv om ho ikkje var med denne gongen. Elles vart det nokre forandringar. Cecilie Skeide scora tre mål og er oppe i 39 totalt, men det spørst kor lenge ho held på 4.-plassen sin på oversikta. To yngre damer har nemleg gjort store klyv. Carolien Overvåg har 5.-plassen med 36 mål. Martha Helvig hadde 17 før, og scora 16 denne gongen. Det gjer at ho tok steget opp til 6.-plass.
Vi merkar oss elles at Kristin Marø gjorde comeback i Hareidhallen, og tre mål var akkurat nok til å sende henne opp på ein 10.-plass på den totale oversikta.
Alle målscorarstatistikkane finn du under Historikk i menyen til venstre (vel samandrag). Finn du feil, så kontakt oss sjølvsagt på hareidsida@gmail.com.