26.12. Rangeringa

Kven vinn årets Grendacup? Det har tradisjonen tru vi tippa.

Rangeringa tek ikkje omsyn til kven som er i pulje med kven, og kven som kan møte kven på det og det stadiet i turneringa. Her er det berre snakk om antatt kvalitet.

Ungdomsklassen

1. FC Allstars
2. The Reds
3. Ninja Turtles
4 World Class
5. Møjkets Hejjej
6. raza mixta
7. Football Kids

Vi trur dei tre øvste laga vi skilje seg ut frå dei andre. FC Allstars har i dette selskapet høg gjennomsnittsalder, og har med mykje av det beste frå Hødd og Hareid sine gutelag. The Reds frå Volda kan vere ein farleg utfordrar, medan Ninja Turtles er unge – men har talent til tusen. Deretter er World Class ein outsider. Rekkefølgja på dei tre sistnemnde laga er meir eller mindre tilfeldig.

Dameklassen

1. Carro e?
2. Las Locas
3. I siste liten!
4. Holemix
5. Oss også slo Vartdal
6. Oss slo Vartdal
7. Dei so e me for å vinne banketten
8. Frustrerte fruer

Vi trur Carro e?-gjengen tar sin tredje strake siger i denne klassen. Næraste utfordrarar blir Hødd-baserte Las Locas og Hasundgot-baserte I siste liten! Kvaliteten på dei fem andre laga er truleg ganske jamn.

Herreklassen

Den øvste sjiktet (laga med vinnarsjansar):

1. Murhusfest
2. Drammensveien 39
3. Tunnelkameratane
4. ;)
5. ’Ndrangheta
6. Holemix
7. Deadwood

Endeleg tar Ruben-Kenneth Brandal og resten av den talentfulle 1990-årgangen gullet i herreklassen. Er saman med Drammensveien 39 laga som har dei jamt over beste stallane, og som skal ha mest å stille opp med når det lid mot finalar. Tunnelkameratane har også ein bra stall, men er truleg mindre samspelte. ;) er eit ganske gammalt lag. Det treng ikkje om å vere ei ulempe. Spennande med Morten Gisle og Skotty på same lag. ’Ndrangheta-gjengen har to strake gull i denne turneringa, men stiller sin svakaste tropp på fleire år. Bør likevel nemnast. Det må også Holemix, eit lag ein aldri kan avskrive. Og Deadwood, eit anna lag som kan vere med lenge om kreftene held.

Mellomsjiktet (outsiderane):

8. HUS
9. Dr. Snipsøyr & The Funky Bunch
10. Where’s Waldo?
11. Sjukhejto
12. BV’s Tam IL
13. Dalsbergstien Penguins
14. Stressa
15. Bizim Takim
16. Ho dryppe enda

Alle desse laga kan overraske i enkeltkampar. Totalt sett skal ein heller ikkje sjå vekk frå at eitt eller to av desse laga karar seg til semifinale. I den samanhengen bør HUS ha gode kort på handa.

Laga som er nøgde om dei går vidare:

17. Craggy Island…
18. Krædene
19. Jawanan
20. Lekent
21. Nisseballetten
22. FC Kurwaompalumpa
23. Black Tigers
24. Fjern Den Pilsen

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar