30.12. "Bygdedyret" sitt skråblikk på årets turnering

Vi har hyra inn same skribenten som skreiv førehandsomtalen, "Bygdedyret", til å kome med ei slags oppsummering.

Lite risk gav finalesiger. Høg risk gav finaletap.

«Bygdedyret» sitt skråblikk på Sparebank1 Grendacupen 2015.

Det er ikkje sjeldan gjengen til Niko. Røyset og Co. har underprestert. Og sjølv om han hadde signert eit par nye solide spelarar var det vel ingen som ville blitt direkte overraska om det vart med heiderleg innsats og exit i åttandedelsfinalen, eller noko sånt, i år.

Men at «Kvil dej» skulle kvile så mykje som dei gjorde tre første kampane var det få som trudde. Underprestering de luxe, kallast slikt. Men heldigvis for «Kvil dej» hadde dei ein fjerde gruppespelkamp igjen, og der møtte dei eit lag som allereie var trygt vidare (Oveide). «Kvil dej» vann stort og gjekk vidare med eit naudskrik (med bremsespor). Vi får kalle det høg risk. I åttandedelsfinalen venta laget som hadde imponert mest dag éin; «Garasjehopp» - med Fredrik Aursnes i spissen.

Men no hadde Øyvind Hagen verkeleg fått opp dampen. Og sjølv om både den korsbandskadde Niko. Røyset og Lasse Leirstad hadde forlete hallen, begynte laget å fungere betre og betre. Dei slo først «Garasjehopp», så stjernegalleriet «Inho’s» (som til og med hadde forsterka med Ole Magnus Melchior frå dag éin til to). Og då hadde «Kvil dej» spelt seg så varme at sigeren mot eit Holemix-lag som var heite i toppane i semifinalen ikkje kom overraskande.

Ja, for i år var året då laga som heldt hovuda kalde gjorde det best. «Vardy party» til dømes imponerte oss i grunnen, men dei var endå heitare i toppane enn Holemix og rauk ut så vidt det var i kvarten.

Lag som, «Vardy party», «Miro og Co.» (PS. Korleis klarte du å bil utvist to gonger i løpet av éi og same turnering, Honar Alipoor???) «Inho’s» og «Slorpestaurane» skal ha all mogleg ære for at dei vil fram og spele fotball – heile tida. Desse mangla nok litt av kynismen til «RiSk», som roa ned på slutten av kampane når det ikkje lenger var nødvendig å storme i angrep. Liten risk gav altså suksess for RiSk (som skal ha all mogleg honnør for å blande seg lite inn i dømminga i forhold til fleire andre lag).

Men finalen var langt frå den beste kampen i turneringa. «Kvil dej» hadde henta tilbake både Niko. Røyset (som vel aldri kom på bana denne dagen åkke som) og Lasse Leirstad, men hadde Joachim Røyset ute med karantene. RiSk hadde fleire innbytarar, men brukte dei sjeldan eller aldri – sett vekk frå far og son Rise (Magnus og Andreas) som byta mykje med kvarandre. Det stod 0-0 til full tid. Og så vart det ein duell mellom dei kanskje to beste spelarane i årets herreklasse som vart avgjerande. Øyvind Hagen prøvde å stoppe Bendik Rise, som storma mot mål, men sklei, og dermed hadde unge lovande Rise avgjort det heile.

Men det var ikkje berre Hagen og Rise som spelte godt denne turneringa. Vi må drage fram keeperane på begge finalelaga også. Kevin «Kaffi» Hestholm stod overraskande godt til å ha på seg så mykje klede. Vebjørn Skeide gjorde vel knapt ein feil som keeper for RiSk, og broren Torgeir var solid der bake han også. Torgeir Skeide var forresten den einaste på finalelaga som hadde vinne herreklassen tidlegare.

*

Dameklassen vart som vi spådde tettare enn på lenge. Som oftast er det to lag som kjempar om gullet, men i år var det minst tre, og kanskje også fire. For «Mot i brøsta» var ikkje langt å nå finalen (tapte 3-2 mot «Skikkelig god da). Vi spådde før turneringa at «Prinsessene og erta» ville ryke i semien mot «Navnløs». Det gjorde dei (og det med ganske klar margin). Men finalen enda motsett av vårt tips. «Navnløs» vann 3-2 mot «Skikkelig god da». Sistnemnde lag hadde Toppserie-spelar og toppscorar i denne klassen Vilde Hasund på laget. Men Martha Helvig held framleis stand. Det er omtrent same gjengen som no har vunne denne klassen imponerande sju år på rad. Men Martha Helvig er den einaste som har vore med alle sju åra. Det er berre å bøye seg i flosshatten.

*

Vi kan kjapt ta med at vi fekk rett i at «Sevi FC» og «Kwazulu Nathan» ville møte kvarandre i ungdomsklassen for gutar. Men den største prestasjonen var vel kanskje strengt tatt at barneskuleelevane på «The Underdogs» kom seg til semifinalen etter å ha blitt nummer to i gruppa med fire lag. I ungdomsklassen for jenter fekk vi berre nesten rett med finaletipset vårt. «Diosas» innfridde tipset, men det var «Harby» og ikkje «Goldplay» dei slo i finalen.

*

Seks av dei åtte laga Bygdedyret rangerte som dei åtte beste laga i turneringa gjekk til kvartfinalane. Det inkluderte også Arrangørlaget Bjy, som heva seg mykje utover i turneringa etter å ha slite med å slå uortodokse Real Gåsneset 1-0 i første kamp. Men det seier oss igjen at i Sparebank1 Grendacupen kan alt skje. Over og ut.

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar