30.12. Grendacupen 2011: Vi oppsummerer dameklassen og ungdomsklassen

Det er ikkje alle år desse klassane byr på den store underhaldningsverdien. Det gjorde dei i år. Her kjem ei oppsummering.

Ungdomsklassen

Sju lag deltok i år. Pulje A bestod av fire lag, og det var tøff konkurranse om dei to semifinaleplassane. Vi såg tidleg at Ninja Turtles ville ta ein av dei. Dei lovande ungdommane frå Hødd spelte kjapp og teknisk fotball, og tok ni av ni moglege poeng. The Reds frå Volda var også bra, men tapte 3-1 mot Ninja Turtles i kampen om førsteplassen i gruppa. Raudtrøyene vann derimot 3-0 mot hareidsdølane på Raza mixta og og 6-0 mot Fotball Kids, og gjekk dermed vidare saman med Ninja Turtles. Pulje B bestod av tre lag, som dermed fekk spelte to (litt lengre) kampar kvar. Det hindra ikkje FC Allstars i å vinne gruppa med seks poeng og 23-0 i målskilnad. Utruleg nok gjekk Møjkets Hejjej vidare med 1-10 i målskilnad. Dei tapte 10-0 mot allstarlaget frå Hareid og Ulstein, men vann 1-0 i den viktige kampen mot World Class.

Begge semifinalane i denne klassen var uhyre jamne. Møjkets-gjengen viste seg frå ei betre side enn dagen i førevegen, og gav Ninja Turtles kamp til døra. Men Ninja-karane vann 2-1 etter ei avgjerande scoring av Bendik Rise. Den andre semien vart ein ekte gysar. Nils-Erik Engen scora kampens einaste mål, og dermed avanserte FC Allstars til ettermiddagens endepunkt for ungdommen. Finalen derimot skulle aldri bli spennande. Alt etter to minutt leia Allstars 2-0, og om dei ikkje gav opp – så vart i alle fall Ninja Turtles litt meir motlause. Sluttresultatet vart 8-1.

Nils-Erik Engen vart toppscorar i denne klassen med 9 mål. Allstars-lagkameraten Martin Breivik scora 8. Begge desse spelarane var blant dei tre-fire mest høgaktuelle kandidatane då prisen for årets spelar skulle delast ut. Valet fall til slutt på Brevik, som leverte jamt veldig godt spel heile turneringa, og også i finalen.

Dameklassen

Åtte lag hadde ikkje det vore i denne klassen på seks  år. Laga vart dermed delt opp i to grupper a fire lag. Begge dei to seeda laga vann sine grupper. I pulje A tok Las Locas, eit lag med mange Hødd-spelarar full pott. Gruppefinalen gjekk mot Hasundgot-baserte I siste liten! med Kristin Marø i spissen. Den kampen vann Las Locas 3-1. I siste liten! vann derimot sine to andre kampar greitt, og tok andreplassen i denne gruppa. Holemix sleit med å stille lag, og lagleiar Hege Holstad jobba hardt med å klare å samle saman ein gjeng i timane før deira første kamp. Men laget var faktisk heilt greitt. Dei spelte 0-0 mot Oss slo Også Vartdal, og tok dermed tredjeplassen på målskilnad.

Vinnarane frå dei tre siste åra, Carro e?, gjorde akkurat som dei ville i den andre gruppa. Full pott og 32-1 i målskilnad. Kampen om andreplassen var open. Frustrerte fruer spelte jamt mot både Oss slo Vartdal og Dei som e me for å vinne banketten, men var truleg betre trena – og vann begge kampane med to mål. Dermed gjekk dei lovande jentespelarane frå Hareid til semifinalen.

Der fekk dei derimot bank av Las Locas, som ikkje gav seg før det stod 8-0. Heller ikkje den andre semifinalen vart jamn. Den vann Carro e? 8-1 mot I siste liten!

For første gong på mange år vart damefinalen artig, spennande og dramatisk. Carro e? gjekk tidleg opp i 2-0. Men dei noko yngre spelarane på Las Locas gav seg ikkje, og med fem minutt att å spele hadde dei utlikna til 2-2. Kampen låg og bikka på tampen, då (kven andre enn) Caroline Overvåg sette inn det avgjerande målet få sekund før slutt.

Las Locas hadde uansett imponert stort heile turneringa, og juryen var ikkje i tvil om at det var deira spelar Åslaug Helvig som måtte få prisen som årets spelar. Storesøstera Martha vart toppscorar i denne klassen med heile 16 mål (også flest av alle i heile turneringa). 

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar