30.12. Grendacupen 2011: Vi oppsummerer herreklassen

Nokre braut barrierar. Andre slit framleis med å knekke koda, trass å ha prøvd alt. Her kjem oppsummeringa av årets herreklassen.

På det 18. forsøket skal/skulle det skje

2011-utgåva av herreklassen i Grendacupen handla mykje om tal. Om å klare noko for første gong på 18 forsøk. Eller å bomme for 17. året på rad.

Men vi tar det heile frå starten av. Gruppespelet var fritt for bomber denne gongen. Fem av seks seeda lag vann sine grupper. Det sjette, Holemix, vart nummer to i gruppe C – men gjorde det bra til slutt likevel.

Med tanke på vurderingane lagt ut her på Grendacup-sida rett før jul hadde vurderaren rett på alle plasseringane i gruppe B, D og F. I gruppe A stakk ’Ndrangheta seg framfor Deadwood etter å ha slått dei 4-2 i gruppefinalen. Deadwood øydela mykje for seg sjølv ved å få ein mann utvist alt etter 14 sekund. I gruppe E tok Craggy Island (Wimbledon) 2.-plassen i gruppa framfor Sjukhejto. Ein skal aldri undervurdere Vegard Øvrelid og co. Men tre feil i vurderingane kan vi likevel leve med.

Det vart tøffe tak alt frå åttandedelsfinalane av. Men alle dei seks seeda laga (’Ndrangheta, Holemix, Drammensveien 39, ;), Murhusfest og Tunnelkameratane) kom seg alle heilskinna vidare. Det gjorde også Hus, som vann 5-4 mot eit Nisseballetten-lag som hadde forsterka med fleire spelarar i høve dag éin. Det var i denne kampen Magne Kjell Wingsternes scora årets mål då han elegant og presoist stussa vidare ei langpasning rett i krysset. Dr. Snipsøyr & Co. Skulle møte Craggy Island. Det såg lenge ut til at Wimbledon-gjengen skulle detonere nok ei Grendacup-bombe. Men Georg Eikrem Olsen sette inn det avgjerande 3-2-målet heilt på tampen.

Mange meinte at to av kvartfinalane var dei moralske semifinalane. Først skulle vinnarane får 2009 og 2010, ’Ndrangehta, ut mot Drammensveien 39. Andreas Helvig sende mafiagjengen opp i leiinga, men Daniel Sandvik og Tore Johan Ytre-Hauge snudde kampen kjapt. Drammensveien fekk kampen inn i sitt spor. Og med godt keeperspel begge vegar vart det ikkje fleire mål denne kampen.

Murhusfest var rekna som favorittar til å ta gullet før turneringa starta. Men det hadde kladda for dei spelemessig heile vegen. Til dømes var det ikkje før heilt på slutten av kampen dei klarte å skaffe dei nødvendige måla for å slå eit redusert Deadwood-lag i åttandedelsfinalen. Og mot stjernegalleriet til Tunnelkameratane i kvarten gjekk det heilt skeis. Christer Adrian Mork vart utvist for ein hands alt etter tre minutt. Og sjølv etter at det vart spel fem mot fem igjen fekk ikkje Ruben-Kenneth Brandal og Co spelet til å sitje. Tunnelkameratane tok seg vidare med ein 4-1-siger. Og atter ein gong skuffa Hareids legendariske 1990-årgang.

Ei av årets store overraskingar var Hus. Kanskje hadde dei ikkje det hardaste kampprogrammet. Men alt etter to minutt av første kamp måtte Kim-Tore Husøy kaste inn handkleet (nakkeskade), og etter åttandedelsfinalen sette Ola Marius Rise kursen mot Trondheim. I kvartfinalen var keeper Stian Myrene einaste reserve. Men karar som Gunnar Johann Ringstad og Kjell Roger Skarshaug hadde ikkje gløymt gamle kunstar. Hus vann heile 6-1 mot Dr. Snipsøyr & Co. Og forklaringa til doktorgutane var: - Vi rauk ut fordi vi hadde åtte angrepsspelarar og ingen forsvarsspelarar.

Holemix nytta i år den same startfemmaren som då dei vann cupen i 2006, og var rekna som ein outsider før turneringa. I kvartfinalen skulle dei møte ;), som begynte å få ein tynn stall utover i turneringa. Morten Moldskred dukka aldri opp i Hareidhallen denne romjula, og utover dag to forsvann dei andre spelarane ein etter ein med ymse skadar og sjukdommar. Til neste år skal visst ;) sin lagleiar Arthur Bakke Garnes setje opp eit treningsprogram til spelarane før turneringa slik at ikkje ”alle” får strekk. Holemix hadde bra kontroll på ;) og vann 4-1. André Skotheim er nok uansett nøgd med årets innsats. Med sju nettkjenningar dreg han ytterlegare frå Morten Moldskred i kampen om å vere tidenes Grendacup-toppscorar (den totale scoringsstatistikken kjem vi med seinare).

Drammensveien 39 og Tunnelkameraten var store favorittar i sine semifinalar, og begge innfridde. Hus hadde brukt opp alt som var av krefter og tapte heile 7-0 mot Drammensveien. Holemix yppa seg mot Tunnelkameratane i starten, men med formsterke Christian Mork i spissen snudde favorittane kampen med tre mål på tampen (to av dei signert Mork).

Hus var ikkje så kjempegira på å spele bronsefinale med berre fire utespelarar tilgjengelege, men klarte utruleg nok å mobilisere nok ein gong. Svein Inge Nesset sende dei opp i leiinga, før Joar Møller avgjorde bronsekampen for Holemix med to seinare scoringar. Hus skapte mange sjansar, men 52 år gamle Stig Andor Engen stod nok ein gong som ein vegg.

Tunnelkameratane var favorittar i finalen. Det vart opplest og vedteke. Drammensveien hadde gjort ei god turnering. Men midt i semifinalen hadde Tore Johan Ytre-Hauge forsvunne for å køyre sonen til sjukehus (det gjekk bra). I tillegg hadde Stig Haugland blitt skadd og Steinar Egset Nupen reist til Bergen. På si side hadde Tunnelkameratane imponert stort og vist få eller ingen svakheiter. Dei hadde dobbel dekning på alle posisjonar og ingen gratispassasjerar.

Då Ivar André Aadland sende Tunnelkameratane i føringa etter to minutt, og Christian Mork dobla berre minuttet seinare – trudde nok dei fleste at dette var gjort. Drammensveien verka sluttkøyrde, og publikum risikerte å bli snytt for ein spennande finale.

Slik skulle det ikkje gå. Legenda Per ”Pers” Ståle Nykrem er kanskje den på Søre Sunnmøre som elskar mest å vinne og hatar mest å tape. Alle hugsar æresrundane Pers sprang i Hareidhallen etter sigeren med Kæm lede? I 2008. Like blid var han ikkje etter finaletapet i 2010, då han spelte på lag med omtrent den same gjengen som utgjorde Tunnelkameratane i år.

Pers var den viktigaste grunnen til at Team Scheide Mork/Aadland/Pilskog tapte sin andre strake finale. Etter ni minutt reduserte myrvågingen, og plutselig begynte Drammensveien å få opp dampen og få trua på det igjen. Med tre minutt att å spele utliknar Pers til 2-2. Og i siste minutt: Tunnelkameratene får frispark imot seg ca. åtte meter frå Vagn Scheide Mork sitt mål. Dei har sett opp mur, men det finst ei lita opning. Og den ser Pers. Han klinkar ballen i nota, og det heile er avgjort.

Dermed var det duka for nok ein æresrunde (eller det var vel eigentleg fleire rundar) i Hareidhallen for Pers.

Tommy Torsvik og Stig Haugland var dei einaste som hadde delteke i dei 17 første utgåvene av Grendacupen utan å vinne turneringa. På det 18. forsøket gjekk det endeleg vegen for duoen – sjølv om ingen av dei var på bana i finalen.

Vagn Scheide Mork skulle ta sitt første gull sidan Vagnsgutane vann turneringa i debutåret 1994. Det har blitt mange tapte finalar for Vagn sidan den gong (vi trur det er fem). Men i år skulle det endeleg skje. Laget var komplett. På tampen henta dei inn Preben Sætre og Andreas Rekdal - to av dei beste spelarane på Søre Sunnmøre. Men heller ikkje det hjelpte. No er spørsmålet: Kva må til for at Vagn nokon gong skal vinne turneringa igjen. Vi veit han blir glad om de sender inn tips.

Og til slutt må det nemnast:

André Egset Nupen vann Grendacupen for sjette gong. Men han drog ikkje frå i tet. For dei næraste utfordrarane spelte på same lag som han; Espen Beiermann og Steinar Egset Nupen. Dei er oppe i fem gull.

Men hugs. Det viktigaste med Grendacupen er ikkje å vinne, men å delta. Og humor høyrer med. At Fjern Den Pilsen-gjengen tok seg sjølv så lite høgtideleg var definitivt eitt av turneringas høgdepunkt.

Vel blåst.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar